Samarbeidet vert forlenga – klar for tre nye år med Førde IL Fotball

AVTALE I BOKS: Eit ti år godt samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane og Førde IL Fotball vert forlenga med tre år til. Frå venstre: Elin Aaland (banksjef privatmarknad i Sunnfjord kommune), Arild Sandvoll (styreleiar Førde IL Fotball), Roy Stian Farsund (banksjef bedriftsmarknad Sunnfjord), Per Øyvind Storevik (dagleg leiar Førde IL Fotball) og Gunn Aase Moldestad (marknadssjef Sparebanken Sogn og Fjordane).

2. juli 2020 – Kristian Helle

Sparebanken Sogn og Fjordane held fram som generalsponsor for Førde IL Fotball. Klubben får også midlar til ulike prosjekt som ikkje berre skal styrke eigen klubb, men som også vil komme naboklubbane til gode.

– Vi er veldig audmjuke og glade. Dette gir oss moglegheita til å jobbe på vidare med å utvikle klubben, seier Per Øyvind Storevik, dagleg leiar i Førde IL Fotball.

Han med fleire sette onsdag pennen på papiret som gjer at Sparebanken Sogn og Fjordane held fram som generalsponsor for Førde IL Fotball. Det er no ti år sidan samarbeidet starta, og den nye avtalen gjeld ut 2023.

– Førde Fotball gjer ein fantastisk jobb med barne- og ungdomsfotballen i området. Det er veldig mange som er med og er engasjert. Vi i banken gler oss til vidare samarbeid, seier  Elin Aaland. Ho er banksjef for privatmarknaden i Sunnfjord kommune.

– Det skal vere kjekt å vere med i Førde Fotball

Førde IL Fotball er blant dei største breiddeklubbane i Norge med om lag 1300 aktive spelarar. Roy Stian Farsund, banksjef på bedriftsmarknaden, fortel at det er viktig for banken at klubben omfamnar breidda og tek vare på alle.

Arild Sandvoll, styreleiar i Førde IL Fotball, seier at det Farsund nemner er viktig for klubben.

– Det viser litt om kva Sparebanken Sogn og Fjordane står for. Dei støttar opp om breidda. Sjølvsagt er det A-laget for herrar som får mest publisitet og merksemd, men fotballen i Førde er så mykje meir. At banken ser det set vi stor pris på. Det skal vere kjekt å vere med i Førde Fotball, og dei siste åra har vi jobba mykje med å skape kultur, seier Sandvoll.

– Og den kulturen skal ikkje berre gå på toppsatsing, men også breidde. Begge deler er viktig for oss som klubb, held styreleiaren fram.

Midlar til prosjekt for barn og unge

Som nemnd innleiingsvis er den nye avtalen todelt. For i tillegg til generalsponsoravtalen får klubben også midlar som er øyremerka til følgande prosjekt som vil komme barn og unge til gode:

  • Trenarutdanning i samarbeid med NFF Sogn og Fjordane
  • Akademi for 8-12 år
  • Keeperprosjektet «Siste skanse»
  • Soneklubb i Sunnfjord
  • Dommartalent 2023

Gunn Aase Moldestad er marknadssjef i Sparebanken Sogn og Fjordane, og ho seier at som generalsponsor er det viktig at det vert bygd sterk kompetanse i alle ledd i klubben.

– Ja, det er viktig for oss, for desse prosjekta skal også ha ein overføringsverdi til andre klubbar i nærområdet. Det er ikkje berre Førde IL Fotball som skal nytte godt av dette, seier Moldestad, og legg til at ho er imponert over dugnadsinnsatsen som vert lagt ned i klubben.

Det er noko styreleiar Sandvoll er glad for å høyre.

– At vi er blant landets største breiddeklubbar er heilt fantastisk med tanke på at vi er ein såpass liten organisasjon. Det betyr at det er veldig mange som jobbar mykje dugnad, og dei gjer ein kjempejobb alle saman! Og så har vi Per Øyvind (Storevik) og Bjørn (Totland) som er tilsett, men som gjer langt meir enn ein kan forvente, seier han.

– Vi er ein viktig samfunnsaktør, og det skal vi halde fram med å vere.

Avtalen vart signert i dei flotte klubblokala i Hafstadparken i Førde.