– Dette er heilt gull for oss!

FÅTT PENGAR: Pernilla Taule Leikanger (Slåtten skulemusikk), Turid Søgnen (Vassenden skulemusikk, Roy Stian Farsund (banksjef bedriftsmarknad), Unni Kriken (Førde skulemusikkorps), Jan Ove Hafstad (Førde Volleyballklubb), Gina Ness Hallset (Førde Terapibasseng), Eirik Helle og Oda Johanne Kjølstad Bell (Sande og Bygstad skulemusikk). Bak dei to sistnemnde står Elin Aaland, banksjef privatmarknad.

30. juni 2020 – Inger Marie Lien og Kristian Helle

Det seier Gina Ness Hallset hos Førde Terapibasseng, som er eit av mange lag og organisasjonar i Sunnfjord kommune og Høyanger kommune som har fått «koronastøtte».

Då Norge stengte ned i mars gjekk det hardt ut over økonomien til lag og organisasjonar. Derfor sette Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Sparebanken Sogn og Fjordane sin hovudeigar, opp ei ekstra søknadsrunde der ein kunne søke om midlar for å dekke tapte inntekter.

Utdelinga av desse midlane er no godt i gang.

– Dei frivillige i laga og organisasjonane våre gjer ein kjempejobb for barn og unge, og med med å skape gode aktivitetar og arrangement. Det er utruleg viktig, og vi i banken er veldig opptatt av at det skal vere godt å bu i området vårt. Veldig mange arrangement, tiltak og aktivitetar har blitt stoppa på grunn av korona, og dermed har inntektene gått ned. Utgiftene derimot er stort sett like store. Derfor er det veldig kjekt for oss å vere med å hjelpe lag og organisasjonar i denne vanskelege tida, seier Elin Aaland.

Ho er banksjef for privatmarknaden ved kontoret i Førde, og ho og banksjef for bedriftsmarknaden, Roy Stian Farsund, inviterte seks av pengemottakarane inn i banken for tildeling. Pengane dei får kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane, som Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane forvaltar.

Her kan du lese kven dei er og kva dei seier om tildeldinga (fullstendig liste for gåvemottakarar i Sunnfjord kommune og Høyanger kommune finner du nedst).

Beate Kjølstad, Sande og Bygstad skulemusikk: 

– Desse pengane kjem veldig godt med. Vi skal bruke dei på kjekke aktivitetar, arrangere seminar og litt sosiale aktivitetar. Og så skal vi dekke utgifter til instrukurarar. Vi har fortløpande utgifter som må dekkast, så denne støtta betyr veldig mykje for oss.

Unni Kriken, Førde skulemusikkorps: 

– Denne gåva betyr mykje for oss, og vi kjem til å bruke pengane til å dekke tapte inntekter vi elles ville hatt. Vi er glade for at banken vil vere med å støtte oss.

Turid Søgnen, Vassenden skulemusikk:

– Dette vil vere med å sikre vidare drift for oss, men pengane vil også komme musikantane våre til gode gjennom sosiale aktivitetar. All inntekt vi får er med og sikrar vidare drift, og vi er veldig takknemlege for denne gåva.

Linda Taule, Slåtten skulemusikk: 

– Vi halverte medlemskontingenten, og vi mista inntekten vår på 17.mai og på bingo som vi brukar å arrangere. Vi har klart å oppretthalde aktivitet med smitteverntiltak der vi øver i bilar. At vi har klart det hjelper stort, og det samme gjer denne støtta her. No er vi i ein god stim, og vi må ha aktivitet for å behalde musikantane.

Jan Ove Hafstad, Førde Volleyballklubb:

– Vi er veldig stolte, audmjuke og takknemlege for at den største sponsoren vår trår til nok ein gong. Vi søkte Norges Idrettsforbund om midlar, men vi var faktisk så gjerrige at kravet vårt var for lite. Derfor er det viktig at dei lokale sponsorane våre trår til og hjelper når vi treng det.

Gina Ness Hallset, Førde Terapibasseng:

– Bassenget er basert på frivilligheit, så desse pengane kjem veldig godt med i denne perioden. Vi har over 70 vakter som jobbar frivillig hos oss, og denne tildelinga skal komme dei til gode. I tillegg skal vi oppgradere ein del utstyr. Dette er heilt gull for oss!

Sist veke delte vi også ut pengar i Nordfjord og Sogn.

Her er gåvemottakarane i Høyanger kommune og Sunnfjord kommune til no i år (denne lista inkluderer alle som fekk gåve i første søknadsrunde i mars + ekstraordinær søknadsrunde i vår i samband med koronasituasjonen): 

  • VASSENDEN SKULEMUSIKK, inntektsbortfall pga korona, 25 000 kr
  • IKJEFJORD BYGDELAG, Opprusting/utviding av sandvolleyballbane, 25 000 kr
  • FØRDE SKULEMUSIKKORPS, Musikkopplæring og bygging av aspirantkorps, 40 000 kr
  • JØLSTER LØYPELAG, Utbetre løypenettet, 30 000 kr
  • SLÅTTEN SKULEMUSIKK, Inntektsbortfall pga korona, 25 000 kr
  • TEATER VESTLAND AS, Barnemusikalen Annie, 100 000 kr
  • NAUSTDAL UNGDOMSLAG, Inntektsbortfall pga korona, 25 000 kr
  • FAGFORENINGENS MUSIKKLAG, Instrument, 16 000 kr
  • ØKOLOGISK SUNNFJORD, ØKOVEKA 2020, 10 000 kr
  • VEVRING TAE KWON DO KLUBB, Utstyr og kurs, 4 300 kr
  • BYGSTAD BRASS, Konsert med musikk av Robbie Williams, 10 000 kr
  • HØYANGER SKULEMUSIKK, Uniformar/inntektsbortfall pga korona, 25 000 kr
  • FØRDE MUSIKKLAG, Musikkundervisning/inntektsbortfall pga korona, 16 000 kr
  • ØYRAHAUGEN GRENDALAG, Oppgradering av to leikeplassar/fellesområder, 60 000 kr
  • FØRDE VOLLEYBALLKLUBB, Inntektsbortfall pga korona, 50 000 kr
  • SKEI DANSEGALLA, Inntektsbortfall pga korona, 10 000 kr
  • STIFTINGA FØRDE TERAPIBASSENG, Oppgradere/inntektsbortfall pga korona, 50 000 kr
  • LAVIK SKULEMUSIKK, Konsert på ferje, 25 000 kr
  • SANDE OG BYGSTAD SKULEMUSIKK, Inntektsbortfall pga korona, 25 000 kr
  • FØRDE IDRETTSLAG, Orienteringskart for Soleide/Klappene i Førde, 14 500 kr
  • FØRDE IDRETTSLAG, Turn/klatrehall i Dragehallen, 500 000 kr
  • JØLSTER MUSIKKLAG, Slagverkutstyr, 30 000 kr
  • SUNNFJORD KOMMUNE, Flygel o.a. instrument, 150 000 kr
  • IDRETTSLAGET HØYANG, Ballar + fleire mål, 20 000 kr
  • KLAKEGG GRENDATUN, Grindverksbygg, 30 000 kr
  • STEIA GRENDALAG, Samlingsplass/leikeplass 70 000 kr
  • Totalt: 1 385 800 kroner