Over 1,4 millionar i gåver til Nordfjord

Malakoff på ein litt annleis måte

Onsdag gjekk generalprøva til Live Laga av stabelen på Eid. I løpet av dei komande dagane dukkar hengarscena opp fleire plassar i Nordfjord. 

26. juni 2020 –  Inger Marie Lien

Det året Malakoff måtte avlyse, kom dei opp med ideen om ein festivalturnè i Nordfjord og Sogn. Det prosjektet likte eigarstiftinga vår så godt at dei gav 350 000 kroner i gåve til gjennomføringa. 

Sjå heile lista over gåvemottakarar i Nordfjord nedst i saka.

– Vi måtte tenke nytt innanfor dei smittevernsreglane som er gjeldande. I år kan ikkje publikum kome til oss, derfor bestemte vi oss for å ta festivalmusikken ut til folket, og gi ein smakebit av Malakoff på dei plassane folk bur i vårt nærområde, forklarer festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

For første gang sidan oppstarten i 2003, måtte festivalen avlyse i år. Vanlegvis ville dei samla 30 000 besøkande på Nordfjordeid i juli. I år blir det i staden Malakoff Live Laga der dei skal innom ni ulike stader, med 200 publikumarar på kvar plass. Totalt får altså 1800 heldige publikumarar med seg ein liten smakebit av Malakoff i år, heilt gratis.

Nyinnkjøpt hengarscene gir musikk til folket
– Vi har kjøpt inn ei hengarscene som vi riggar opp og ned på kvar plass, før vi køyrer vidare til neste konsert. Det er ein del jobb og planlegging, men det var viktig for oss å gi publikum litt festival også i år, når så mykje har blitt avlyst. Og vi har fått SÅ mange positive tilbakemeldingar!, seier ein travel, men smilande festivalsjef.

Malakoff Live Laga hadde generalprøve på onsdag, og held på til søndag med to konsertar kvar dag.

Ei annleis gåverunde
– Vi syns det er veldig kjekt at Malakoff vel å ha eit slikt gratisarrangement og skaper festivalstemning for publikum. Samfunnet treng litt kulturelt påfyll no etter at våren blei så nedstengt, seier banksjef i Nordfjord Odd Kjetil Tonning.

– Dette har vore ei spesiell gåverunde, der eigarstiftinga vår valte å opne opp for ein ekstra søknadsrunde for å hjelpe lag og organisasjonar som mista inntekter på grunn av avlyste arrangement. I tillegg ser vi at mange snur seg rundt og klarer å tenke nytt, slik som Malakoff, og det er veldig gledeleg, seier Tonning.

– No gler vi oss til å vere med på turneen som generalsponsor for Malakoff, og har med mange kjekke premiar i bagasjen, smiler Tonning.

Gåva på 350 000 kroner er uavhengig av sponsoravtalen, og er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Totalt blir det delt ut over 1,4 millionar kroner i gåver til ulike lag og organisasjonar i Nordfjord. Pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane som blir forvalta av hovudeigaren Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Her er vårens gåvemottakarar i Nordfjord (så langt i år): 

GLOPPEN KLATREKLUBB Etablering av klatrefelt 30 000 kr
EID RØDE KORS Beredskapstelt 30 000 kr
VIKANE RØDE KORS Beredskapsbåt 75 000 kr
EID IDRETTSPARK Flombelysning 100 000 kr
OLDEN IDRETTSLAG Innreiing av treningsrom 100 000 kr
STRYN MUSIKKLAG Premieskåp 10 000 kr
EID MUSIKKLAG Inntektsbortfall pga korona 10 000 kr
HORNINDAL IDRETTSLAG Robot-gressklipper 50 000 kr
HOLE GRENDAHUS Oppgradere leikestativ 25 000 kr
HAUGEN SKULEMUSIKK 2018 Re-starte Haugen skulemusikk 10 000 kr
STRYN E-SPORT Etablering/ istandsetting av lokale 30 000 kr
ÅSEN VEL Leikeapparat 10 000 kr
STRYN FRIVILLEGSSENTRAL Møteplass m/leksehjelp for invandrarbefolkinga 10 000 kr
HORNINDAL SANITETSLAG Felles måltid for eldre heimebuande 10 000 kr
SANDANE TURN OG IDRETTSLAG Inntektsbortfall pga korona (turngruppa) 50 000 kr
BREIMSBYGDA SKISENTER AS Inntektsbortfall pga korona 50 000 kr
HJELLE SKULEMUSIKK Ny uniformer/inntektsbortfall pga korona 10 000 kr
FJELLHUG/VEREIDE IL Oppgradere sandvolleyballbane 30 000 kr
VEREIDE UTVIKLINGSLAG Tursti 100 000 kr
MARKANE IDRETTSLAG Nye sjølvanvisarar på skiskyttarstadion 150 000 kr
GAMLE INNVIK ULLVAREFABRIKK Kulturscene og musikal 50 000 kr
SUDSTRANDA GRENDALAG Sanitærbygg 60 000 kr
REED UTVIKLINGSLAG Rekreasjonsområde 55 000 kr
Hornindal IL fotballgruppa Innkjøp av 3ar-bane 20 000 kr
MALAKOFF ROCKFESTIVAL Malakoff LIVE LAGA og ungdomskonsept på Gymmen 350 000 kr
SKÅLASTILAGET Bli autorisert som nasjonal turiststi 60 000 kr
TOTALT 1 485 000 kr

Festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal er strålande fornøgd med gjennomføringa av Live Laga så langt, og håpar at sola også blir med vidare på turen. 

Sparebanken Sogn og Fjordane er med på heile turneen. Vi har med lykkehjul der du kan vinne festivalpass til Malakoff 2021.