Syril IL får både koronahjelp og lysanlegg

Banksjef Jan-Petter Vadheim kunne overrekke gåver til blant anna Kaupanger IL, Syril IL, Leikanger Røde Kors, Kaupanger Bedehus og Leikanger Skyttarlag. 

25. juni 2020 – Johanne Sandnes

Ni lag og organisasjonar i Sogn får over 300 000 kroner i «koronastøtte», samt at Syril IL er sikra lyse treningskveldar med ei gåve på 400 000 kroner til lysanlegg på stadion.

Onsdag samla banksjef for bedriftsmarknad, Jan-Petter Vadheim, ei rekke av dei lokale laga og organisasjonane til bankkontoret i Sogndal. Det same gjorde bankkontoret i Årdal, som delte ut gåver både til «koronastøtte» og til andre prosjekt.   

Pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane som blir forvalta av hovudeigaren Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Då Norge stengte ned i mars gjekk det hardt ut over økonomien til lag og organisasjonar, og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane sette opp ei ekstra søknadsrunde der lag og organisasjonar kunne søke om midlar for å dekke tapte inntekter.

Fremre Utladalen Vel, Tangen kjøre og rideklubb, Jotun IL og Stiftinga Avdalen Gard var blant dei som mottok sine gåver frå Anita Hagen Lægreid i Årdal.

– Vi ser at lokalmiljøet og fleire lokale lag og organisasjonar slit økonomisk grunna inntektsbortfall eller kostnader etter avlyste arrangement. Derfor er det kjekt at vi kan dele ut til saman 318 000 kroner i «koronastøtte» i Sogn-området, og eg håpar at dette kjem godt med og at det kan vere med å redusere dei økonomiske konsekvensane, fortel banksjef for bedriftsmarknad i Sogndal, Jan-Petter Vadheim.  

Lysare treningskveldar for Syril
I tillegg til 
koronastøtta delte han onsdag ut 400 000 kroner til Syril IL. Gåva er øyremerka lysanlegg på Syril stadion

– Vi skal no bygge eit friidrettsanlegg for ti millionar kroner, og dette anlegget vil vere heile grunnlaget for friidrettssatsinga dei neste 20-30 åra.  Støtte til lys gjer at brukstida blir vesentleg utvida, då ein også kan trene etter det er mørkt ute, seier Jørgen Dahle Eikenes, prosjektleiar for utbygging av friidrettsanlegget på Leikanger 

Gåvetildelingane våre tar sikte på å støtte framtidsretta og gode prosjekt, og i år går vi i tillegg inn med økonomisk støtte til lag og organisasjonar som er påverka av  korona. Syril er eit godt døme på dette. Vi ønsker dei mange og lange treningskveldar i mange år framover, og gjev derfor 400 000 kr til lysanlegg som sikrar dette. Vi ser og at dei har hatt tapte inntekter og støttar derfor også med 30 000 kroner til nettopp dette inntektsbortfallet, seier banksjef for bedriftsmarknad, Jan-Petter Vadheim.  

Desse får gåver i Sognal og Årdal, (så langt i år)

LÆRDAL TURLAG – skilting   10 000 kr
KAUPANGER IDRETTSLAG – inntektstap pga. korona  100 000 kr
TANGEN KJØRE OG RIDEKLUBB – HC-vennleg rampe og utstyr til ridebane  18 000 kr
LEIKANGER SKYTTARLAG – inntektstappga. korona  65 000 kr
STIFTINGA AVDALEN GARD – inntektstap pga. korona  20 000 kr
LEIKANGER RØDE KORS – inntektstap pga. korona  50 000 kr
INDRE SOGN KYSTLAG – utbetre anlegg rundt naust   17 000 kr
LEIKANGER SKULEMUSIKK – inntektstap pga. korona  15 000 kr
LEIKANGER MUSIKKLAG – inntektstap pga. korona  15 000 kr
IDROTTSLAGET JOTUN – jenter på feltet   30 000 kr
FREMRE UTLADALEN VEL – Ballbinge og pumptrackbane    50 000 kr
IDRETTSLAGET SYRIL – inntektstap pga. korona  30 000 kr
KAUPANGER BEDEHUS – inntektstap pga. korona  23 000 kr
LHL SOGNDAL-LEIKANGER-VIK  redningsopplegg og kurs   10000 kr
SYRIL IL  lysanlegg   400000 kr
TOTALT    853 000 kr