BLI MED PÅ DAGSTURHYTTEJAKT!

Kva med å bruke litt av årets Norgesferie til å besøke dei mange dagsturhyttene i fylket? Bli med på dagsturhyttejakt og vinn fine premiar!

I år som i fjor kan du vere med på den store dagsturhyttejakta i Sogn og Fjordane! Besøk fem dagsturhytter og få ein flott premie, og dersom du er skikkeleg sprek kan du besøke alle 26 hyttene – og få ein endå større premie!

Bli med på dagsturhyttejakta med appen DNT SjekkUT
Tidlegare samla du hytter ved å stemple i ein brosjyre. No bruker du appen DNT SjekkUT. Har du allereie samla nokre turar i brosjyren, treng du ikkje ta desse på nytt. Ta vare på brosjyren og ta med deg både den og appen når du skal hente ut premien din i banken. Fullstendig oversikt på alle hyttene finn du på nettsida til Sogn og Fjordane fylkeskommune. 

Kom i gang med appen:
1. Last ned appen på Google Play eller App Store.
2. Logg inn som DNT-brukar eller registrer deg som ny brukar. Du treng ikkje å bli medlem i turlaget for å bruke appen.
3. Søk etter «dagsturhyttene» i søkefeltet til høgre og vel denne.
4. Klikk på «bli med» og du er med i dagsturhyttejakta!

Registrere besøk
For å få registrert eit hyttebesøk kan du vere maks 100 meter frå hytta. For å få besøket registrert vel du enten «besøk» eller «besøk med selfie». Du kan òg skrive i gjesteboka til hytta. Dette vil då andre kunne sjå og du kan velje å dele det med venner i sosiale medium.

Hente ut premie
Du bestemmer sjølv om du vil ha liten premie (fem dagsturhytter), eller større premie (26 dagsturhytter). Når du har nådd målet ditt, går du til nærmaste filial av Sparebanken Sogn og Fjordane og viser fram appen, ev. i lag med brosjyren for å få premien. Sjå oversikt på kor vi har kontor. 

Dagsturhytta er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane i Sogn og Fjordane. Dagsturhyttene er gitt som gåve frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som forvaltar overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

God tur og lukke til! 🙂