Desse fekk til saman 400 000 i «koronastøtte»

HAR FÅTT STØTTE: Seks lag og organisasjonar i Florø og Bremanger har fått pengestøtte på grunn av økonomiske problem i koronakrisa. Fem av desse fekk tildelt gåve i banken i Florø torsdag. Frå venstre: Jo Dale Pedersen (Sparebanken Sogn og Fjordane), Hilde Amundsen (Florarevyen), Jorunn Reisæter (Stiftinga Svanhild), Sander Ødelien (Veteranbåtklubb Atløy), Per Bloch Helmers (Florø Turn og Idrettsforening), Frode Stavang (Florø Seilforening) og Ole Aukland (Sparebanken Sogn og Fjordane).

18. juni 2020 – Kristian Helle

Seks lag og organisasjonar i Florø og Bremanger er tildelt til saman 400 000 kroner for å hjelpe dei gjennom koronakrisa. Gåva fekk dei då banksjef Ole Aukland inviterte til felles overrekking i banken i Florø.

– Vi veit at det er lag og organisasjonar her lokalt som har hatt tøffe dagar økonomisk på grunn av inntektsbortfall, eller at dei sit igjen med kostnader etter avlyste arrangement, seier Ole Aukland, banksjef på privatmarknaden i Florø.

– Derfor er det kjekt at vi i dag kan dele ut til saman 400 000 kroner, og eg håpar at dette er midlar som kjem godt med og at det kan vere med å redusere dei økonomiske konsekvensane desse laga og organisasjonane har hatt den siste perioden, held han fram.

Ekstraordinær søknadsrunde på grunn av korona

Då koronakrisa slo til i Norge i mars vart det opna opp for ei ekstraordinær søknadsrunde der lag og organisasjonar i Sogn og Fjordane kunne søke om midlar frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Stiftinga forvaltar overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane, og framover vil det bli delt ut mange gåver frå dette overskotet til dei i Sogn og Fjordane som har blitt råka økonomisk på grunn av korona.

Torsdag fekk dei seks første pengestøtte, og dei heldige er:

  • 50 000 kroner til Florarevyen
  • 50 000 kroner  til Florø Turn og Idrettsforening
  • 50 000 kroner til Florø Seilforening
  • 50 000 kroner til Aktiv Kalvåg
  • 100 000 kroner til Veteranbåtlag Atløy
  • 100 000 kroner til Stiftinga Svanhild

Dette seier mottakarane om gåvene dei har fått

Hilde Amundsen i Florarevyen:

– For oss er dette utruleg viktig, og heilt livsnødvendig for at vi skal kunne stable oss på beina igjen. Koronaen slo til dagen før vi skulle på scena. Då hadde vi allereie teke på oss utgiftene og var derfor avhengig av inntekter for å dekke musikarar, leige og marknadsføring. Så dette er veldig kjærkoment. Vi håpar at situasjonen tillater at vi kan ha revy siste helga i oktober. Det hadde vi kanskje ikkje hatt moglegheit til utan denne støtta, så vi er utruleg takknemlege i alle ledd.

Per Bloch Helmers i friidrettsgruppa til Florø Turn og Idrettsforening:

– Vi har dei store arrangementa våre om våren; både mosjonsløp, barneidrettsarrangement og innandørsstemne. Vi mista store inntekter då desse måtte avlysast, og for oss er det no veldig viktig å få opp igjen aktiviteten og få tak i ungane som ikkje har vore aktive på nokre månader. Dette er eit kjempeviktig bidrag for oss. Banken er også generalsponsoren vår, og vi har eit godt samarbeid. Vi ser at det er viktig å ha eit samarbeid med ein lokalbank som har tilknyting.

Frode Stavang i Florø Seilforening:

– Problemstillinga vår er at vi sit i eit flunkande nytt og belånt klubbhus, og dette vert finansiert gjennom ein god del utleige til selskap og møter. I sommar er det jo ein del som ikkje blir gift her i Florø, og mange av desse skulle hatt festen hos oss. I tillegg skulle det ha vore 50-årsdagar og barnedåpar, og alt slikt forsvant. Det har heller ikkje kome nye bestillingar, så det har vore stramt no for å seie det mildt. Denne gåva hjelper på, det er det ingen tvil om. Vi har også fått ei god ordning med banken elles på lånet vårt.

Jorunn Reisæter i Stiftinga Svanhild:

– Dette betyr alt! Då koronaen kom øydela den heile inntektsgrunnlaget vårt, og det i det same året som vi har hovudklassing. Og det medfører masse krav og utgifter for at vi kan få segle vidare. Så dette kom uendeleg godt med for oss!

Sander Ødelien i Veteranbåtlag Atløy:

– Dette betyr at vi held oss i live. Vi har utgifter uavhengig om vi har trafikk eller ikkje, einaste vi sparer er kaffi og diesel. I eit normalår treng vi éin million kroner, men i år treng vi faktisk meir fordi vi skal i hovudklassen neste år. Då går det 300 000-400 000 kroner ekstra. Så dette hjelper vi veldig. Vi er svært glade!

Aktiv Kalvåg hadde ikkje anledning til å stille i banken i Florø torsdag. Dei er tildelt 50 000 kroner til å dekke tap i samband med at Sirkus Bremanger er avlyst.