Deler ut 1000 redningsvestar i Sogn og Fjordane

FÅTT VESTAR: 1000 redningsvestar skal Sparebanken Sogn og Fjordane gi ut i Sogn og Fjordane, og Kalvåg Kystlag fekk første levering. Elevane i 5. og 6. klasse ved på skulen i Kalvåg fekk prøve dei på. – Dette er utan tvil samfunnsnyttig, seier Linda Stenseth (t.v.), kunderådgjevar i banken.

3. juni 2020 – Kristian Helle

Sparebanken Sogn og Fjordane skal gi 1000 redningsvestar i gåve til lag og organisasjonar i Sogn og Fjordane som treng det. Ideen kom då Kalvåg Kystlag sendte inn søknad om midlar til 20 redningsvestar. 

Kvart år får Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som forvaltar overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane, fleire søknadar om midlar til redningsvestar. Då stiftinga i år fekk søknad frå Kalvåg Kystlag kom ideen om å kunne «slå saman» søknadane og dele ut til lag og organisasjonar som tilbyr aktivitet på eller ved vatn.

– På denne måten får vi vestar ut raskt, og dermed kan mange barn og unge nyte årets sommarsesong i trygge rammer, seier Linda Stenseth, kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane.

No er det kjøpt inn 1000 rednings- og flytevestar for til saman over 400 000 kroner, og desse er klare til å bli søkt om.

– Det er kjempebra! Veldig kjekt at vi kan bidra til noko som er så positivt, seier Dag-Inge Smedvik i Kalvåg Kystlag om at deira søknad var grunnlag for ideen.

Korleis du søker kan du lese nedst i denne saka.

– Dette er utan tvil samfunnsnyttig

Onsdag møtte Smedvik og fleire i kystlaget, i tillegg til 5.- og 6.-klassingar på skulen i Kalvåg, opp på Amtskaia i Kalvåg. Der fekk dei besøk av nemnde Linda Stenseth frå banken. Ho hadde med seg splitter nye redningsvestar som kystlaget no kan ta i bruk.

– Dette er ein kjempegod ide, og redningsvestar er det mange som har behov for. Dette er utan tvil samfunnsnyttig, og det er heilt i tråd med verdiane til banken, seier Stenseth.

Saka held fram under bildet.

GÅVE: Linda Stenseth i Sparebanken Sogn og Fjordane overrekker redningsvestane til Dag-Inge Smedvik i Kalvåg Kystlag. Vestane kjem til å komme til god nytte for skuleelevane Sigurd, Alvhilde, Laura, Amalie, Oliva, Chloie, Preben og mange fleire barn og unge i Kalvåg.

Skuleelevane fekk sjølvsagt prøve vestane, og både dei og Smedvik i kystlaget er godt fornøgd med gåva.

– Vi har dei siste åra prøvd meir og meir å få til barneaktivitetar, og ein kan ikkje tilby noko ute på sjøen utan å ha redningsvestar. Vi har hatt nokon gamle som no er kasta, og i tillegg er det heller ikkje alle som har eigne vestar. At banken no gir ut gratis redningsvestar er eit veldig bra tiltak, seier Smedvik.

– Om ein ikkje er i ein båtfamilie, så har ein jo kanskje heller ikkje redningsvestar. Gjerne berre ein gammal som ikkje er noko kjekk å ta på seg, og heller ikkje er trygg, legg Stenseth i banken til.

Sliker søker du: Send e-post til stiftinga

Kystlaget har samarbeid med kommunen om båtdag med skulen, og i tillegg fleire tilbod i samband med kystfestivalen i Kalvåg og sommarfesten. Her kjem vestane til å komme til god nytte i åra framover, men også med tanke på korona-situasjonen vil det vere eit stort behov for redningsvestar i sommar.

– Det kjem jo til å vere eit enormt trøkk på sjøen i år. Denne sommaren er det jo norgesferie som gjeld, seier Smedvik.

Slik søker du:

Er du med i eit lag eller ein organisasjon, eller jobbar i ein kommune som tilbyr aktivitet på eller ved havet kan du sende ein søknad på e-post til post@sparebankstiftinga.no.

Alle som får vestar forpliktar seg til å låne desse ut vidare til mindre lag og arrangørar lokalt.

SIKKERHEIT PÅ SJØEN: Linda Stenseth forklarer kvifor banken har gitt Kalvåg Kystlag heilt nye vestar, og kvifor banken ønsker å gi vekk totalt 1000.