Forsikre det kjæraste du har

08. juni 2020 –  Inger Marie Lien

Når du kjøper ei barneforsikring, håpar du sjølvsagt at du aldri skal få bruk for den. Det er mykje vi kan planlegge her i livet, men å forutsjå framtida er det ingen som kan.

– For dei fleste er det sjølvsagt å forsikre dei materielle verdiane som bil, bunad og hus, men mange unnlet å forsikre det mest dyrebare vi har, nemleg barna våre, seier forsikringsrådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane, Toril Haugen.

Forsikre det kjæraste du har: Sjekk pris og få tilbod. 

Best i test

Barneforsikringane til ulike selskap kan vere ganske forskjellige og det kan følest komplisert å sammenlikne dei.

Rådet frå Haugen er å lese seg opp på ulike forbrukartestar. Der er barneforsikringa frå Frende fleire år på rad kåra blant Norges beste. 

– Vi ser at barneforsikringa til Frende kjem veldig godt ut når det gjeld sjukdomsdekning og uførepensjon i desse testane, forklarer Haugen.

Sikrar både barnet og familien økonomisk

Forsikringsrådgjevar Toril Haugen.

– Sjølv om vi ikkje likar å tenke på det, kan også barn bli ramma av ulykker og alvorleg sjukdom. Dersom noko skulle skje med barnet ditt, kan det få konsekvensar for resten av livet, seier Haugen.

Ho peikar på at offentlege støtteordningar er gode, men at dei dessverre ikkje dekker alle utgiftene du kan få dersom barnet ditt blir utsett for alvorleg sjukdom eller en ulykke.

Kort fortalt skal ei barneforsikring gi økonomisk hjelp til familien på kort sikt, og økonomisk støtte til barnet på lang sikt.

– Blir barnet ditt alvorleg sjuk og innlagt på sjukehus, er sjansen stor for at mor eller far må vere mykje vekke frå jobb. Ei barneforsikring gir familien større fleksibilitet i sjukdomsperioden, fordi de får erstatning som kompenserer for deler av lønna de går glipp av, fortel Haugen.

Forsikringa vil også hjelpe familien økonomisk om bustaden må byggast om, og vere med på å sikre barnet si økonomiske framtid om han eller ho blir skada eller for sjuk til å kunne jobbe fullt som vaksen.

Uførepensjon viktigast

– Det aller viktigaste å sjekke ved val av barneforsikring, er om forsikringa har dekning som vert kalla uførerente eller uførepensjon. Den kan gi månadlege utbetalingar heilt til barnet er 67 år, fortel Haugen.

Ho utdjupar: – Å forsikre inntekta allereie som barn kan verke rart, men dette kan utgjere ein enorm forskjell for barnet i vaksen alder. Får barn ein alvorleg sjukdom eller varig skade som hindrar dei å jobbe som vaksne, strekk ikkje den offentlege støtta til.

– Må du leve som minstepensjonist heile livet, har du ein stad mellom 232.000 og 272.000 å rutte med i året. Med ei slik inntekt fell nok mange framtidsdraumar i grus, seier Haugen.

Barneforsikringa til Frende har ugradert uførepensjon. Det vil seie at du får full utbetaling sjølv om du ikkje er 100 prosent ufør. Frende er også eit av få selskap som regulerer opp utbetalinga på uførepensjonen etter at utbetalinga er påbegynt.

– Vi meiner det er heilt urimeleg at ein 20-åring som blir ufør skal få utbetalt den same summen 47 år seinare, når han eller ho blir 67. Derfor har vi auka utbetalinga dei siste fem åra, seier Toril Haugen.

To alternativ

Har du ei barneforsikring som automatisk held fram når barnet rundar 27 år, treng du ikkje tenke på om du er frisk nok til livsforsikring som vaksen. Barneforsikringa er med på å betre livskvaliteten til barnet og ungdommen heilt fram til pensjonsalder.

– I Frende tilbyr vi to versjonar av forsikringa; barneforsikring BRA og barneforsikring BEST.  Vi anbefaler å velje BEST, då er ein veldig godt dekka. BRA er eit rimelegare alternativ med litt færre dekningsområde, og vi tilbyr denne fordi vi meiner litt forsikring er betre enn ingen forsikring, avsluttar Haugen.

Ta kontakt med oss i dag så tar vi ein prat om kva forsikring som kan passe for deg.