Andreas overraska med Furorestipend: – Eg blei tatt heilt på senga

29. mai 2020 – Kristian Helle

Alpinisten Andreas Strand (21) frå Jølster trudde han berre skulle ha ei vanleg treningsøkt med kompisane. Så ringte banken og overraska han med Furorestipendet på 50 000 kroner. Sjå heile samtalen i videoen over.

– Eg blei tatt heilt på senga. Dette var eg ikkje klar over. Veldig overraskande, seier Andreas Strand rett etter at han er blitt 50 000 kroner rikare.

Banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane, Roy Stian Farsund, hadde alliert seg med Hallgeir Vognild i Trønder Alpin Elite, klubben Strand er ein del av, om å ringe og overraske Strand med ei pengegåve. Då Strand og resten av kompisane skulle samlast til ei fotballøkt var tidspunktet perfekt.

– Vi har aldri delt ut pengar på denne måten før, så det var kjekt å prøve noko nytt. Det var også veldig flott å sjå reaksjonen til Andreas. Han set tydeleg pris på tildelinga, og det er kjekt, seier Farsund.

Søknadsfrist 15. juni

Bakgrunnen for pengetildelinga er at tida no er inne for unge talent innan kultur, idrett og open klasse for å søke om Furorestipendet. Først 15. juni går fristen for å søke om Furorestipendet ut, så derfor var Strand sjølvsagt ekstra overraska. Han seier han hadde tenkt å søke, men det slepp han no når han er mottakar av årets lanseringsstipend.

– Dette var ei veldig kjekk overrasking, og det hjelper veldig på. Spesielt no når eg har som mål å ta det siste steget opp til landslaget. Eg reiser mykje rundt i Europa og må betale det meste sjølv, seier 21-åringen frå Vassenden.

Pengane han får med Furorestipendet får han via Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som forvaltar overskotet til banken.

Kjenner du eit ungt talent mellom 15 og 30 år? Her kan du enten søke sjølv på Furorestipendet, eller du kan nominere andre. Fristen går ut 15. juni. 

FIS-sigrar og 5.-plass i VM

Strand bur for tida for tida i Oppdal der han er med på satsinga til Trønder Alpin Elite. Sist sesong slo han for alvor gjennom som alpinist, med fleire sigrar i FIS-renn og ein flott 5.-plass i junior-VM. Han har også tatt steget opp i Europacupen, nivået under verdscup, og med gode resultat her håpar han at han oppnår den store draumen om ikkje altfor lenge – nemleg å bli ein del av landslaget.

– Akkurat no er det veldig vanskeleg å komme inn på landslaget på grunn av korona. Dei kutta to på laget før neste sesong. Eg må bruke europacuprenna som inngangsport, og presterer eg der så er det gode moglegheiter for å bli med landslaget, seier Strand.

Denne våren har han for det meste vore heime i Sunnfjord.

– Eg var to månader heime på Jølster, og dei to første vekene var eg i karantene då eg kom rett frå Austerrike. Men no er eg tilbake i Oppdal, det er her eg har dei fleste treningskompisane mine, forklarer han.

Banksjef Roy Stian Farsund seier han har stor tru på Strand i framtida, og ønsker han lukke til vidare i karrieren.

– Vi er veldig imponert over det Andreas allereie har oppnådd som alpinist, og vi har lagt merke til at framgangen frå gjennombrotet i fjor heldt fram i vinter. Andreas er ein verdig vinnar av årets første Furorestipend, seier Farsund.