No lanserer vi ny nettside og ny nettbank!

26. mai 2020 –  Inger Marie Lien

Dei ti år gamle nettsidene til Sparebanken Sogn og Fjordane er endeleg pussa opp. Velkommen til ein enklare og meir oversiktleg bankkvardag. Sjekk ut nettsida her.

– På internspråket skil vi mellom dei opne nettsidene som ikkje krev innlogging, og nettbanken som krev at ein loggar inn. Vi har pussa opp begge deler, og er smått stolte. Vi håpar dette gjer det enklare for kunden, seier webredaktør Berit Huseklepp.

Nettbanken = mobilbanken = meir heilskap
Dei gamle nettsidene var bikka ti år, og har vore modne for utskifting ei god stund.

– I 2018 lanserte vi ny mobilbank. Den er både vi og kundane så fornøgde med at vi no har gjort nettbanken heilt lik. I tillegg blir dei såkalla opne nettsidene no like uansett om du går inn via mobil eller på PC. Så banken framstår meir heilskapeleg, seier Per Magne Hervik, fagsjef for nettbank i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Kva er nytt?
Det første du vil merke er at utsjånaden og design er heilt annleis. Ifølgje Huseklepp hadde dei gamle nettsidene knapt eit einaste bilde.

– No har vi endra heilt på dette, og har vel knapt ei einaste side utan bilde. Vi har i stor grad brukt lokale bilde, og ønsker at nettsidene skal gjenspegle vår personligheit med folkeleg språk, og løfte fram samfunnsrolla vår ved å få inn dagsaktuelle artiklar frå bloggen vår Meir enn bank, seier ho.

– Færre kundar møter fysisk på bankkontora våre, og då blir nettsida og nettbanken på mange måtar det største og mest besøkte kontoret vårt. Då er det ekstra viktig å ha enkle, oversiktlege og raske nettsider. Dei gamle nettsidene hadde ein ganske skrøpeleg søkefunksjon og ein tungvint menystruktur. I 2020 er det ei sjølvfølge at slike ting fungerer, og derfor har vi gjort både søk og meny mykje betre, forklarer Katrine Osland, prosjektleiar i arbeidet med dei nye nettsidene.

Med dei nye nettsidene kan ein ordne mykje meir sjølv, men terskelen for å ta kontakt er framleis låg.

– Du som kunde skal få hjelp på ssf.no på den måten du ha det; heilt på eigahand digitalt, gjere noko sjølv og heller få hjelp til det som kan vere komplisert, eller at vi hjelper dei heile vegen mot målet – via epost, tlf. eller chat, seier Huseklepp.

Lokalproduserte nettsider
– Både nettsidene og nettbanken har vi laga heilt sjølv, «made and improved in Sogn og Fjordane», og det er vi stolte over, smiler Osland. 

Fordelen med det er ifølge dei to mange.

– Det er tett dialog mellom utviklar, designarar og redaktørar, og endringar kan skje raskt frå ide til produksjon. Tidlegare måtte vi bestille endringar hos eksterne konsulentselskap, og forklare veldig detaljert kva vi ville endre. Så kunne utvikling, testing og produksjonssetting ta lang tid, seier Huseklepp.

– Vi blir meir smidige og får full kontroll på struktur og vidareutvikling når det er våre eigne fagfolk som byggjer og endrar, seier Osland.

Prosjektgruppa har jobba tverrfagleg og er sett saman av ulike fagbakgrunnar noko som har ført til livlege diskusjonar til tider.

–  Vi har gått fleire rundar for å kome i mål. I tillegg har nettsida sjølvsagt blitt testa av kundar undervegs, og derfor er vi ekstra stolte og trygge på resultatet, fordi alle fagområde har vore så involverte, avsluttar Huseklepp.

PROSJEKTGRUPPA: Prosjektgruppa består blant anna av webredaktør, utviklarar, designarar og kunderådgjevarar. Og alle er tilsette i Sparebanken Sogn og Fjordane.