Jublar for gåve: – No kan vi tilby plass til mange som er på venteliste

HOPPANDE GLADE: Sigrid Welle (t.v.), Johanne Sætevik Hilding, Ella Grønsberg Aase, Maja Kalstad Eide, Madelen Apneseth Reiersen og fleire hundre andre aktive turnarar i Førde får snart eige lokale å trene i – nemleg i Dragehallen bak dei.

18.05.2020 – Kristian Helle

Turngruppa til Førde IL har over 400 barn på venteliste. No får dei 500 000 kroner i gåve og snart ein eigen hall å trene i.

– Med denne fantastiske støtta er vi eit steg nærare realiseringa av ein turnhall i Førde. For Førde IL Turn hastar det å få ein eigen treningshall. Eldsjeler har bygd opp eit flott turnmiljø, men mangelen på eige areal og utstyr har tært på tolmodet og engasjementet, seier Lillian Vassbotten på vegne av styret i Førde IL Turn. Ho er prosjektleiar for den nye turnhallen.

No ser det endeleg lysare ut. Til hausten er målet at turngruppa kan starte opp med treningar i sin eigen hall –  i Dragehallen som ligg på Sanderplassen i Førde.

Til dette prosjektet har Førde IL Turn fått ei gåve på 500 000 kroner frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og desse pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

–  Gåva vi har fått har vore overveldande. Vi er svært takksame for støtta, og vi takkar på vegne av turnarar, instruktørar og foreldre. Og ikkje minst takkar vi på vegne av alle barna som er på venteliste, seier Vassbotten.

Kan tilby plass til mange på ventelista

Som Vassbotten er inne på har turngruppa mange barn på venteliste – over 400 i talet. Ho fortel at treningssituasjonen i dag er krevjande med 226 barn som turnar i fem ulike gymsalar.

– Det er ulikt kva utstyr som er i salane, så tilbodet til gruppene er dermed også ulikt. Vi har heller ikkje moglegheit til å bruke noko av basisutstyret for turn. Mellom anna har vi ikkje frittståandegolv, hoppegrop og ringar som krev fast montering og installasjon. I tillegg går mykje kostbar treningstid til rigging og rydding. Dette medfører også slitasje på ustyret, forklarer prosjektleiaren.

Ho held fram:

– At så mange som over 400 barn står på venteliste for ein idrett dei ønsker å delta på, er ikkje ein god situasjon for eit idrettslag. Vi opplever det som ei ekstra belastning å stadig måtte skuffe barn som har stått på vensteliste i mange år, som vi gjerne skulle ha gitt eit tilbod til.

Med nytt utstyr i ny hall gler dei seg naturleg nok til at dei kan rekruttere fleire turnarar når Dragehallen er ferdig oppussa og klar til bruk.

– Med ein eigen turnhall vil vi kunne tilby plass til mange barn som står på ventelista. I ein basishall er det også mogleg at fleire grupper kan trene samtidig. Dette vil bety veldig mykje med tanke på å ivareta og utvikle unge instruktørar. Vi kan også tilby trening meir enn ein gong for veka, for dei som ønsker å utvikle seg meir. Når vi har alt utstyr på plass opnar det også opp for konkurranseturn, seier Vassbotten.

Banksjefen: – Ei stor glede for oss

Elin Aaland er banksjef for privatmarknaden på Sparebanken Sogn og Fjordane sitt kontor i Førde. Måndag møtte banksjefen fleire i turngruppa, og med seg til Dragehallen hadde ho det synlege beviset på at dei er tildelt gåva på 500 000 kroner.

– Turn er ein idrett som har hatt stor auke i aktiviteten dei siste åra, og kapasiteten på tilgjengelege lokaler er for lengst sprengt. Vi i Sparebanken Sogn og Fjordane har derfor lyst til å hjelpe Førde IL med å etablere ny turnhall i Dragehallen på Hafstad, seier Aaland.

– Det er derfor ei stor glede for oss å gi 500 000 kroner til dette formålet via Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, avsluttar banksjefen.

Andre gåvesaker: 

OVERREKKING: Elin Aaland (t.v.) er banksjef i Førde, og måndag var ho og overrekte gåva på 500 000 kroner til Førde IL Turn. Her saman med Bente Grønsberg Aase, Sigrid Welle, Johanne Sætevik Hilding, Ella Grønsberg Aase, Maja Kalstad Eide, Madelen Apneseth Reiersen, Solrunn Apneseth Reiersen og Lillian Vassbotten.