Opningstider i Koronasituasjonen

Frå måndag 11. mai opnar vi dørene til dei fleste av våre kundesoner. Sjå kva som gjeld for ditt lokalkontor.

Vi har sidan nedstenginga av Norge 12. mars berre hatt ope etter avtale på kontora våre. No opnar samfunnet litt meir opp igjen, og vi gjer vi derfor endringar på ein del av kontora våre. Du kan derfor kome i banken og utføre banktenestene tilgjengeleg på det aktuelle kontoret.

Vi opnar med redusert opningstid, og det er viktig for oss at vi framleis er med på dugnaden for å forhindre smitte.

Derfor, før du kjem i banken:

  • Sjekk nettsidene våre og sjå om du får svar på det du treng hjelp til der
  • Ring eller send e-post kundesenteret vårt på telefon 57 82 97 00, eller e-post: kundesenter@ssf.no
  • Kontakt rådgjevaren din for å sjå om vi kan hjelpe deg digitalt
  • Er du ikkje i form må du halde deg heime
  • Når du er hos oss, hugs å halde avstand til andre og god handhygiene.

Her er gjeldande opningstider for kontora våre:  

Førde, Florø, Sogndal, Dale, Årdal, Bergen: 10.00 – 14.00

Høyanger og Måløy: Ope  tysdag, onsdag og torsdag frå  10.00 – 14.00

Sandane, Stryn, Nordfjordeid, Solund, Eivindvik, Bremanger: Ope etter avtale.