500 000 til promotering av Sogn og Fjordane

08. mai 2020 –  Inger Marie Lien

Reiselivsbransjen i Sogn og Fjordane mister i år viktige inntekter på grunn av fråværet av utanlandske turistar. No får dei hjelp frå Sparebanken Sogn og Fjordane si eigarstifting, til felles promotering av Norgeskampanjen 2020. Målet er å få fleire nordmenn til å feriere i Sogn og Fjordane.

Dramatisk nedgang
– I løpet av ein vanleg sesong er ca 60-70 prosent av våre tilreisande utanlandske turistar. I år mister vi så godt som alle desse. Då må vi gjere det vi kan for å nå ferierande nordmenn.

Det seier Ståle Brandshaug, som er reiselivsdirektør i Visit Sognefjord.

I lag med Visit Nordfjord, Visit Fjordkysten og Sunnfjord Utvikling skal dei no samarbeide om Norgeskampanjen 2020. Brandshaug har koordingeringsansvaret og forklarer at noko av kampanjen er eit fellesprosjekt mellom destinasjonsselskapa, medan noko er opp til kvar enkelt å styre.

– I fellesprosjektet med dei tre andre skal vi blant anna lage ein film som viser det beste av Sogn og Fjordane, seier Brandshaug.

I tillegg skal dei i gang med fleire store nasjonale samarbeid.

– Vi i Visit Sognefjord skal samarbeide med både Visit Norway og Fjord Norge, og skal blant anna vere med i ein kampanje som skal gå i VG digitalt. Målet er å gjere Sogn og Fjordane mest mogleg synleg, seier Brandshaug.

Støtte til reiselivet betyr støtte til lokalsamfunna
– Reiselivet er spesielt hardt råka av denne krisa, og det kan ta lang tid før ting normaliserer seg. Derfor er det gledeleg at eigarstiftinga vår støttar reiselivsnæringa, seier Trond Teigene,  adm. direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.

No får kampanjen 500 000 kroner i gåve. Pengane kjem frå overskotet til banken som blir forvalta av  Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

– Dette er ei næring som har store innverknader på resten av samfunnet, og veldig mange bransjar blir påverka når reiselivet får seg ein knekk. Derfor er det viktig for banken å vere med å støtte opp under denne bransjen fordi vi ser at vi får så mykje igjen for det, seier Teigene.

– Denne gåva kjem veldig godt med. Pengane går uavkorta til kampanjen og kjem andre næringar i lokalsamfunnet til gode også. Det er veldig positivt at banken er med og støttar oss, seier Brandshaug.

Han håpar kampanjen gjer at fleire får opp auga for Sogn og Fjordane.

– Vi konkurrerer mot Lofoten og sørlandet, men vi ønsker å bygge opp ein bevisstheit om ferie i Sogn og Fjordane også dei komande åra, seier Brandshaug.

Endra reisemønster
Ørjan Skåden er bransjeansvarleg for reiseliv i Sparebanken Sogn og Fjordane. Han trur krisa vil påverke reisemønstera til turistane i lang tid framover.

– Sesongen 2020 er sterkt påverka, og vi får ingen utanlandske turistar til Norge i år, men dette vil få ringverknader langt fram i tid. Det er vanskeleg å seie korleis det vil bli i 2021, men det vil utan tvil endre reisemønsteret til utanlandske turistar. Mange vil nok vegre seg for å reise, til dømes med cruiseskip, seier Skåden.

Brandshaug er også einig i at det vil ta lang tid å kome opp på same nivå som før krisa traff.

– Denne situasjonen vil vere alvorleg lenge. Sjølv om grensene opnar igjen, så er folk redde for å reise på grunn av smittefaren. Dette blir eit hardt år å kome seg gjennom, og det store spørsmålet er korleis næringa blir sjåande ut når ting har roa seg. Eg trur mykje vil ha endra seg når vi kjem gjennom dette, avsluttar Brandshaug.