Smart og enkel sparing med heilt ny funksjon

29. april 2020 – Kristian Helle

Har du lyst på ny sykkel? Eller kanskje du allereie no vil begynne sparinga til festivalsommaren neste år? Vi har utvikla ein heilt ny funksjon i mobilbanken som gjer dette enkelt.

«Sparemål» er namnet på den nye funksjonen som no er tilgjengeleg i mobilbanken vår. Denne funksjonen er enkel å bruke, og ikkje minst veldig smart!

Når du har fylt inn kor mykje du ønsker å spare totalt, og kor mykje du ønsker å spare kvar månad, vil mobilbanken sjølv rekne ut kor lang tid det vil ta for deg å nå sparemålet ditt.

Sjekk ut videoen i toppen av saka eller følg desse punkta stegvis for å komme i gang:

1: Logg deg på mobilbanken.
2: Trykk på «Meny» –> «Sparing» –> «Banksparing».
3: Her trykker du på «Opprett ny avtale» og deretter «legg til ny» under «Sparemål».
4: Lag deg eit passande namn på sparemålet. Fyll inn beløp og trykk «neste».
5: Når du her vel månadleg beløp vil du automatisk få opp den månaden du seinast vil vere i mål med sparinga. Vel også overføringskonto og overføringsdato.
6: Vel om du vil opprette småsparing kvar gong du betalar med VISA-kortet ditt.
7: Sjekk ut avtalen din og opprett sparemålet. No vil sparemålet vere tilgjengeleg på framsida i mobilbanken din.

Som du ser så er det nokre steg du må gjennom, men dette treng du berre å gjere når du opprettar sparemålet. Når dette er gjort, er den som nemnd tilgjengeleg på framsida i mobilbanken din. Her kan du enkelt følge med på sparemålet, og du om du ønsker kan du også trykke på den og overføre meir eller gjere forandringar.

Den dagen du er i mål med sparemålet vil du få ein pushvarsel dersom du har tillete varsling i mobilbanken. Det vil også komme opp på framsida i mobilbanken at du no er i mål.

God sparing!

Bilde 1: Gi sparemålet eit namn og fyll inn ønska beløp du totalt vil spare.
Bilde 2: Når du fyller inn månadleg sparebeløp reknar mobilbanken ut når du seinast vil vere i mål.
Bilde 3: Når sparemålet er oppretta vil den vere synleg på framsida i mobilbanken. Her kan du redigere sparemålet og fylle på meir pengar undervegs om du ønsker.