Sjekkliste til deg som skal kjøpe bruktbil

Når ein skal kjøpe bruktbil er det mykje å tenke på. Har bilen fulgt service jamleg og er det med dekk for vinter og sommar? Her er vår sjekkliste til deg som skal ut å kjøpe bil.

1. Hugs kjøpekontrakt

Det første du må tenke på er kjøpekontrakt. For at vi skal kunne utbetale eit lån, treng vi ei signert kjøpekontrakt. Du må ha ein skriftleg avtale med seljar, då er det lettare å unngå misforståingar og problem.

2. Er eigar og seljar same person?

Undersøk om seljaren av bilen er den same personen som står oppført i vognkortet. Viss det ikkje er same person, bør varsellampene lyse.

3. Sjekk at bilen er EU-godkjent

Ein EU-kontroll seier noko om tilstanden bilen er i, men det er mykje som ikkje blir kontrollert. Sjølv om bilen nettopp har blitt EU-godkjent, treng det altså ikkje bety at bilen er i god stand. Derfor er det viktig å vite om bilen har vore jamleg på service, og kva som har blitt sjekka då.

Prøv vår billånskalkulator

4. Har bilen vore jamleg på service?

Be seljar dokumentere når og kor bilen har vore på service. Som regel står det i servicehefte som følgjer bilen. Spør også om det er skifta andre delar på bilen enn det som blir gjort på rutineservice, og om bilen har hatt store skadar. Alle bilar skal sjekkast jamleg, og forhandlaren av bilen kan fortelje deg kor ofte. Viss seljaren har hatt jamleg vedlikehald på bilen, kan det vere ein indikator på at bilen er i god stand. Ein NAF-test gir også ei pålitelig forklaring av tilstanden på bilen.

5. Kor mange eigarar har bilen hatt?

Jo færre eigarar, jo lettare er det å få oversikt over når bilen har vore på service. Ta ein telefon til Statens vegvesen, så får du vite antall eigarar og anna viktig informasjon om bilen.

6. Sjekk årsmodell og kilometerstand

Statens vegvesen kan fortelje deg kva årsmodell bilen er, og du får vite kilometerstanden ved å sjekke servicehistorikken på bilen. Mange meiner at alderen på bilen trekk meir ned enn om bilen har gått langt, men hugs at også kilometer slit på bilen. Nordmenn køyrer i gjennomsnitt cirka 15 000 kilometer i året. Normalt vil det altså vere betre å kjøpe ein 3 år gammal bil som har gått 45 000 kilometer, enn ein 4 år gammal bil som har gått 30 000 kilometer.

7. Dekk for både sommar og vinter?

Nye dekk kostar mykje, så høyr med seljar om både sommar- og vinterdekk er inkludert. Viss du må kjøpe nye dekk, treng du som regel tilpassa felgar også. På grunn av slitasje må dekka skiftast med jamne mellomrom.

8. Sjekk kor mykje utstyr bilen har.

Dette har betydning for verdien på bilen og kor lett den er å selje vidare. Ein tommelfingerregel er jo større og dyrare bil, desto viktigare er utstyret. For nokre modellar er for eksempel automatgir, Xenon-lys, parkeringssensor og skinnseter eit must.

9. Følger alle nøklane med?

I tillegg til at det er trygt å ha alle nøklane, er det er også lurt å ha ein reservenøkkel. Nye kopiar kan fort koste fleire tusen kroner.

10. Kor mykje er skifta ut?

Viss registerreima ryk kan det koste flere titusen. Vanlegvis skal den skiftast når bilen har gått ein stad mellom 120 000 og 150 000 kilometer, eller når bilen er mellom 4 og 7 år, men det kjem an på modellen. Viss du lurer på om det er tid for eit skifte, kan du ta ein telefon til merkeforhandlaren av bilen. Nokre biler har faktisk ikkje registerreim, dei har registerkjede i staden. Det held vanlegvis heile levetida til bilen, men då er det ekstra viktig å skifte oljen ofte.

11. Har bilen garanti?

Frå 2011 fikk nye bilar i Norge fem års garanti. Garantien skal gi deg betre rettigheitar enn det lova allereie gjer, for eksempel gratis reparasjon eller lengre klagefrist. Vurderer du å kjøpe ein bil som ikkje har garanti, bør prisen stå i forhold til det.

12. Reklamasjonsrett

Kjøper du bruktbil av ein privatperson, har du reklamasjonsrett i to år. Det vil sei at du har rett til å klage viss bilen ikkje er i den stand som du og seljar har avtalt. Viss de ikkje har avtalt noko spesielt, skal bilen vere i samsvar med det ein normalt kan rekne med ut frå blant anna alder, bruk og køyrelengde. Som kjøpar kan du altså ikkje forvente det same av ein bruktbil som av ein ny bil.

13. Har bilen heftelser?

Hos Brønnøysundregistrene kan du enkelt sjekke om bilen har heftelser. Gamle lån må gjerast opp før bilen kan seljast.