Slik bruker du BankID-app

Kva er BankID-app?

BankID-app er ei digital kodebrikke som erstattar den fysiske kodebrikka, når du skal logge inn på ei nettside eller signere eit dokument med BankID. I staden for å taste inn eingangskode frå kodebrikka, får du ei varsling på mobilen som ber deg om å godkjenne direkte i appen. Sjå detaljert forklaring på innlogging med BankID-app lenger nede.

BankID-app er ikkje det same som bankID på mobil.

Er det sikkert å bruke BankID-app?

Med BankID app får du auka sikkerheit mot svindel. App-en er sikrare enn kodebrikka, fordi du i tillegg kan beskytte mobilen din med ein kode som berre du kan.
Pålogginga er ei tofaktor-løysing, som gjer det endå vanskelegare for uvedkomande å svindle BankID-en din.

Korleis kjem eg i gang?

1. Last ned BankID-appen
Du kan laste den ned for både iPhone og Android. Du må ha iOS 11/Android 6 eller nyare.
2. Logg inn med BankID
Har du BankID frå Sparebanken Sogn og Fjordane kan du aktivere appen. Du vel sjølv om du vil aktivere den med BankID eller BankID på mobil.
3. Aktivering av appen
Vent medan appen blir aktivert
4. Slå på varslingar
Vi anbefaler at du tillet varslingar på telefonen. Då får du ein snarveg inn i appen kvar gong du treng å bruke den.
5. Klar til bruk!
Appen er aktivert og klar til bruk.
6. Ikkje kast kodebrikka
Viss du skal laste ned appen på ein ny telefon, må du logge inn med BankID og den fysiske kodebrikka for å aktivere appen på nytt.

Korleis loggar eg inn med BankID-app?

BankID-app er ei digital kodebrikke du bruker for å logge inn med BankID, og er ikkje det same som BankID på mobil. Her ser du stegvis korleis du loggar inn med BankID-appen.

1.  Velg innlogging med BankID
Appen er ei digital kodebrikke du bruker for å logge på med BankID, men er ikkje det same som BankID på mobil.

3. Velg metode
Første gang etter aktivering må du velge appen som metode.

5. Klikk på varslinga
Klikk på varslinga som dukkar opp på telefonen for å opne appen

7. Gå tilbake for å fullføre
Gå tilbake til nettsida eller appen du kom frå for å fullføre identifiseringa.

2. Fyll inn fødselsnummer
Identifiser deg med fødslesnummeret ditt
som innlogging.

4. BankID-app dukkar opp
Ein skjerm med BankID-app kjem opp, og ventar på at du skal godkjenne.

6. Godkjenn identifiseringa
Godkjenn forespørslsen i appen. Dersom du ikkje har slått på varslingar, må du sjølv opne appen for å godkjenne.

8. Fyll inn personleg passord
Avslutt med å fylle inn ditt personlege passord