100 000 til klatrepark på Våge skule

21. april 2020 –  Inger Marie Lien

– Denne pengegåva betyr veldig mykje for oss, og gjer at vi kjem eit godt stykke lenger i arbeidet med å gjennomføre prosjektet.

Det seier Anne Erstad, sekretær for FAU ved Våge skule. Ho håpar på byggjestart i løpet av året når resten av finansieringa er på plass. Når parken står ferdig, blir det den andre klatreparken i kommunen.

– Vi har blant anna samla inn midlar gjennom dugnadsarbeid frå lag og organisasjonar. Vi manglar framleis litt før vi kan gå i gang, så denne gåva hjelp oss veldig på veg, seier Erstad.

Gåva kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane, som blir forvalta av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Fjaler. Totalt deler sistnemnte ut over 2,7 millionar kroner i 2020 fordelt på 24 gåvemottakarar i Fjaler.

1 million til Fure i løpet av fem år
Gåvene går til tiltak og prosjekt i Fjaler og Holmedalsområdet. I år som i mange før er Ytre Fjaler representert på lista. I løpet av dei fem siste åra har Sparebanken Sogn og Fjordane via eigarstiftinga i Fjaler gitt over 1 million kroner i gåver til ulike tiltak i denne regionen. Blant anna har Våge Stadion fått nytt kunstgrasdekke, grendahuset har fått lagt nytt tak og oppgradert kjøkken, Våge skule har fått midlar til trimrom og Våge Grendalag har fått midlar til brannvernutstyr. I tillegg har Sparebankstiftinga Fjaler og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane samarbeidd om å få plass dagsturhytta Vidsyn.

– Vi er her for heile Fjaler, og fordeler gåvemidlane ut over heile kommunen. Dei siste åra har det kome mange søknader til veldig gode tiltak i Fure, som vi gjerne ville vere med å støtte, seier Ole Hope, dagleg leiar i Fjalerstiftinga.

Støttar sosiale tiltak
– Vi gir desse pengegåvene for å vere med å skape eit levande og aktivt samfunn. Nokre av søknadane gjeld ulike typar samlingar og arrangement, og vi meiner det er viktig å støtte dette og vise at vi er her når den sosiale og vanlege kvardagen forhåpentlegvis ein gong kjem tilbake, seier banksjef Torunn Mattson.

Ho legg også til at Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har opna opp ein ekstraordinær søknadsrunde for å hjelpe næringsliv, lag og organisasjonar som må gjere endringar i sine planar på grunn av Korona. Fristen for å søke om midlar er 15. mai.

Lista med gåvetildelingane frå Sparebankstiftinga Fjaler. Sjå kven som får midlar: 

  • Fakta
    • Sparebanken Sogn og Fjordane har to eigarstiftingar; Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Fjaler.
    • Desse forvaltar overskotet til banken og gir gåver til allmennyttige føremål i samfunnet.
    • Sparebankstiftinga Fjaler har søknadsfrist 1. mars kvart år, medan Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har to tildelingsrundar i løpet av året, éin med søknadsfrist 1.mars og éin med søknadsfrist 1. september. I tillegg behandlar dei søknader om inntil 10 000 kroner fortløpande.
ORGANISASJON PROSJEKT TILDELING
DALE IDRETTSLAG Kaldhall 1 000 000
FAU Fjaler Ungdomsskule Fotballbane som aktivitetsareal for ungdomstrinnet ved nye Dingemoen skule. 250 000
DALE UNGDOMSLAG Gje skulane eit tilbud til god barnefilm i skuletida. 17 000
HOLEHOLTEN 4H Holeholten 4H er 40 år i år. Markering i samband med årleg haustfest i oktober. 20 000
FJALER KOMMUNE Utvikling av utstyrsBUA i Fjaler med meir sommarutstyr. 40 000
FURE IDRETTSLAG Trimrom ved Våge skule 100 000
ASKVOLL OG HOLMEDAL SKYTTARLAG Utstyr til skytebane 18 000
PREFORM AS Gåva kan brukast til lydutstyr, prosjektorduk, sceneteppe og motorisert trekk. 190 000
KYSTLAGET BAKKEJEKTA Frå Dalsfjorden til Bergen med Bakkejekta. Kunnskap om jektefart frå Fjordane til Bergen. 15 000
FAU VÅGE SKULE Klatrepark i tilknyting til kunstgrasbane og volleyballbane på skulen sitt område. 100 000
STRAUMSNES GRENDELAG Oppgradering uteområde ved Straumsnes Grendahus med ny asfalt. 100 000
DALSFJORDEN SPELEMANNSLAG Samle folkemusikkutøvarar til kappestrid i spel, song og dans. 10 000
DALE MUSIKKORPS Midlar til oppstart av Fjaler skulemusikk. 200 000
HELLEVIK GRENDELAG Påfyll av sand i badevika «Ura» i Hellevik. 25 000
GUDDAL FAMILIEKOR Driftsstøtte og til utstyrskjøp, 20 000
HELLEVIK IDRETTSLAG Midlar til aktivitetskveldar. 5 000
FJALER OG OMEGN MOTORSPORTKLUBB Midlar til kjøp av traktor og utstyr til denne. 250 000
FJORDEN GRENDALAG Vedlikehald av grendahuset 20 000
NFU ASKVOLL – FJALER – HYLLESTD LOKALLAG Årleg møteplass for medlemene. 5 000
HELLE OG VÅRDAL BYGDELAG Midlar til innkjøp av oppvaskløysing i grendahuset. 50 000
DALE MUSIKKORPS Drifta og instrumentkjøp. 40 000
DALE IDRETTSLAG Vidareutvikling av dommararbeidet 30 000
GUDDAL UNGDOMSLAG Driftsstøtte. 10 000
JAKOB SANDE-SELSKAPET Residensordning for forfattarar, og FABEL-etablering av eit barne- og ungdomsteater. 200 000
FJALERHALLEN DRIFTSSELSKAPET Speglar i aktivitetssal/dansesal i Fjalerhallen 25 000
2 740 000