Fyller 30 år: Toppidrett og folkehelse hand i hand

Sparebanken Sogn og Fjordane og Gloppen Friidrettslag har inngått ein ny treårsavtale. – Vi ser idrettsglede i både toppidrett og folkehelseprosjektet «Gloppetrimmen», seier Nils Ove Roset, styreleiar i GFIL.

2. april 2020 – Kristian Helle

April er her og ein ny friidrettssesong skulle vore like rundt hjørnet. Dessverre er 2020 eit «annleis-år», men ein viktig avtale er på plass!

Sparebanken Sogn og Fjordane og Gloppen Friidrettslag har i ei årrekkje hatt eit godt samarbeid. Gode samarbeid er verdt å ta vare på, og no er ein ny avtale i boks.

Den nye avtalen gjer banken til generalsponsor for GFIL dei tre neste åra.

Tar godt vare på alle

Banksjef i Nordfjord, Odd Kjetil Tonning, ser fram til vidare samarbeid med GFIL – som også fyller 30 år i 2020. Vi gratulerer!

– GFIL er eit lag som vi har hatt eit godt samarbeid med over lang tid. Dei er eit lag som veit å ta godt vare på både utøvarar, trenarar og samarbeidspartnarar, seier Tonning.

– Vi er derfor veldig glade for å kunne forlenge dette samarbeidet med nye tre år. Vi ser fram til gode prestasjonar både på toppidrettsnivå og i breiddeidretten i Gloppen, held Tonning fram.

– Vi ser idrettsglede i både toppidrett og folkehelse

Som banksjefen er inne på har GFIL god breidde i sitt friidrettstilbod. Likevel er det vanskeleg å kome utanom kastøvingane, der dei har vore i landstoppen i mange år.

Til saman i alle greiner kan friidrettslaget vise til over 100 (!) NM-medaljar i løpet av sine 30 første år, men GFIL er sjølvsagt meir enn berre toppidretten.

I GFIL går konkurranseidrett og folkehelse hand i hand, seier styreleiar Nils Ove Roset.

– Vi ser idrettsglede i både toppidrett og folkehelseprosjektet «Gloppetrimmen». Gleda av å nå eit mål er grunnleggande viktig for sjølvkjensla for alle og einkvar, seier Roset.

Vi i Sparebanken Sogn og Fjordane gratulerer med jubileumsåret og ønsker lukke til med sesongen når den endeleg kjem i gong. Vi gler oss til dei tre neste åra!

Gloppetrimmen er GFIL sitt folkehelsetilbod for alle som har lyst å mosjonere seg.

Evald Osnes Devik er ein av fleire frå GFIL som er i landstoppen i sleggekast. Her frå NM i fjor då han tok sølv med lengda 65,63 meter.