Vi set opp ekstra søknadsrunde

31. mars 2020 –  Inger Marie Lien

Vi trudde denne våren og sommaren skulle bli som så mange år før; glade og sosiale menneske samla på konsert, på eit idrettsstemne, på ein konferanse, på dagsturhyttene eller på andre aktivitetar. 

Slik blir det dessverre ikkje. 2020 blir eit annleis år, og derfor må vi gjere noko annleis med gåvetildelingane våre.

Mykje har endra seg sidan den ordinære søknadsfristen gjekk ut 1. mars, og vi ser at lag og organisasjonar mest truleg ikkje får gjennomført eller på andre måtar fulgt opp det dei har søkt om midlar til. Det fører sjølvsagt til økonomiske utfordringar for dei, og vi opnar derfor opp for ein ny søknadsrunde med utgangspunkt i den spesielle situasjonen vi står i.

Ny søknadsfrist er 15. mai, men sidan ingen veit kva som skjer framover vil det bli vurdert fortløpande om det også vert behov for fleire tiltak eller utvida frist.

På nettsidene til Sparebankstiftinga finn du søknadsskjema og kriterium.

– Det er naturleg at vi tilbyr ei ekstra søknadsrunde i den krevjande situasjonen samfunnet vårt er oppe i. Lag og organisasjonar er limet i lokalsamfunnet vårt, og det er viktig at overskotet frå banken kjem frivillige til gode også i ei vanskeleg tid, seier Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.

I 2020 vil det bli brukt rundt 55 millionar kroner til samfunnsnyttige formål gjennom både gåver og sponsormidlar. Pengane som vert gitt i gåver vert forvalta av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og det er via stiftinga lag og organisasjonar søkjer om pengar.

– Nesten 30 % av søknadane vi har fått inn, er ulike typar arrangement. No står fleire av desse i fare for å måtte avlyse. Det er òg usikkert om lag og organisasjonar som har søkt om midlar til andre tiltak, har dei same prioriteringane i dag som i dei hadde i februar, seier Hallvard Klakegg, direktør i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Han legg til at organisasjonar som har søkt innan 1. mars blir handsama på vanleg måte, men at ein del av søkjarane vil bli oppmoda til å søkje på nytt.

 Ønskjer å vere fleksible
– Vi kjem til å følgje situasjonen tett og gjere fortløpande vurderingar og tiltak. Vi er opptatt av å vise lag og organisasjonar tryggleik og tilstrekkeleg fleksibilitet for å hjelpe dei gjennom ein krevjande fase, avsluttar Klakegg.