No får alle omsorgssenter i Sogn og Fjordane iPad

GLEDELEG LYSPUNKT: Ein iPad er alt som skal til for å skape litt glede blant beburarane på omsorgssenter når dei ikkje får ta i mot besøk. Bilete er frå Høyanger sjukeheim som var først ute med å lansere ideen.

26. mars 2020 –  Inger Marie Lien

Mange alders- og sjukeheimar har innført isoleringstiltak på grunn av Korona, noko som betyr at bebuarane ikkje får ta i mot besøk av familiane sine. Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane gir derfor 400 000 kroner til innkjøp av nettbrett på alle aldersheimar og eldresenter i Sogn og Fjordane.

– Det blir lange dagar for bebuarane når dei ikkje får ta i mot besøk. Å sjå kvarandre gjennom skjermen, trur vi vil vere eit lysglimt i kvardagen for dei eldre. No får dei moglegheita til å sjå barn, barnebarn og kanskje oldebarn, og det blir noko anna enn å skulle snakke på telefon, seier adm. direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Trond Teigene.

Først ute var sjukeheimen i Høyanger der dei tilsette tok initiativ til å kjøpe inn iPad’ar slik at bebuarane framleis kan få sjå og høyre familien sin. No får alle aldersheimar i heile Sogn og Fjordane same tilbodet.

Hyppigare kontakt når familien bur andre stader

Initiativtakar i banken er Ole Aukland, banksjef i Florø, Bremanger og Måløy. Han meiner dette er eit enkelt tiltak for å skape litt glede.

– Vi trur også at barna har stor glede av å halde kontakten med besteforeldra i denne tida. Det er rare dagar med heimeskule og lite kontakt med venner. Då er det  viktig å kople barnebarn og besteforeldre saman, seier Aukland.

– Tiltaket er positivt også i det lange løp, fordi vi trur at det vil stimulere til hyppigare kontakt mellom eldre og yngre, når til dømes barn og barnebarn bur andre stader i Norge, medan  besteforeldregenerasjonen bur på omsorgsbustad i Sogn og Fjordane, avsluttar Teigene.

Pengane kjem frå Sparebanken Sogn og Fjordane sitt overskot, som vert forvalta av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.