Ein enklare kvardag med mobilbanken 

Visste du at vi har utvikla ein av landets beste mobilbankar*? Med mobilbanken har du enkelt og praktisk tilgang til mykje av det du tidlegare måtte gjere i nettbanken, eller med hjelp av kunderådgjevar.

* EPSI Rating Norge, 2019

I mobilbanken får du

✓ rask innlogging
✓ oversikt over kontoane dine
✓ enkel betaling og overføring
✓ avtalegiro og eFaktura rett i mobilen
✓ oversikt over lån, forsikring, fond og aksjar
✓ oversikt over transaksjonane dine og forfall
+ og mykje, mykje meir!

Vi forbetrar og legg til nye funksjonar heile tida

Heilt nytt er at du med mobilbanken også kan betale kontaktlaust med Google Pay, Garmin Pay og Fitbit Pay. I tida med auka risiko for smitte ved kontantbetaling og bruk av betalingsterminalar, er dette nyttige funksjonar. Apple Pay kjem også snart.
Sjå korleis du aktiverer mobil- og klokkebetaling

Du kan enkelt laste ned mobilbanken i App Store for Iphone eller Google Play for Android. Føl instruksjonen i videoen nedanfor for å aktivere.