Korleis påverkar koronaviruset kvardagen din?

Koronasituasjonen påverkar oss alle, og heile samfunnet vårt har no vore stengt ned ei veke for å redusere smitten av viruset. Permitteringar og oppseiingar har begynt å kome som ein konsekvens av dette, og vi forstår at mange har det krevjande.


Har du blitt permittert?
Om du skulle hamne i ein situasjon der du står utan inntekt for ein periode, kan det bli vanskelegare enn tidlegare å betene bustadlånet.

Vi ønskjer å hjelpe dei av bustadlånkundane våre dette gjeld. Ved dokumentasjon på at du er oppsagt eller permittert som følgje av koronaviruset, så hjelper vi deg med betalingsutsetting og/eller avdragsfritak.

Er du uroleg for økonomien din?
Ta kontakt med rådgjevaren din for ein prat. Vi er klar til å lytte til situasjonen din, og ønskjer å kome med løysingar tilpassa det du står i.

Kva med renta?
Koronaviruset fører til uro i verda og i Norge, og med bakgrunn i dette har Norges Bank sett ned styringsrenta. Vi forstår at mange lurer på om vi skal sette ned vår rente meir enn det vi allereie har gjort. No endrar situasjonen seg frå dag til dag, og vi gjer vurderingar av rentemarknaden og konkurransesituasjonen fortløpande. I løpet av to veker har vi sett ned renta to gonger, og totalt er rentene no justerte ned med inntil 0,85 prosentpoeng.
Les pressemelding om renteendringa. 

Korleis skal du kontakte oss?
For å unngå spreiing av koronaviruset ser vi helst at du kontaktar oss på telefon og e-post i staden for fysisk oppmøte. Om du ønskjer eit møte, avtal dette på førehand med rådgjevaren din før du kjem på kontoret.