Tid for økonomisk opprydding

Med avlyste fritidsaktivitetar og avgrensa sosial kontakt, er dette ein moglegheit til å ta tak i det ein har utsett litt for lenge. Det er tid for økonomisk opprydding!

Mange sit kanskje i ein usikker jobbsituasjon som konsekvens av koronaviruset. Kor store grep ein bør gjere i økonomien, kjem heilt an på om og kor lenge ein blir permittert.

Første steg er å skaffe seg oversikt
Her er målet å finne ut kva du faktisk bruker pengar på. Sjå gjennom kontoutskriftene for to-tre månader tilbake med eit kritisk blikk. Det kan vere lurt å gruppere utgiftspostane, til dømes fritid, mat, hygiene, faste kostnader etc. Vurder om det er noko du kan kutte. Har du fem-seks strømmetenester, kan du kanskje vurdere å redusere til ei eller to. Kanskje oppdagar du mange småkjøp som du ikkje har tenkt over, men som til saman blir ein stor sum.

Utsett dei regningane du kan
Dersom du blir permittert, be om avdragsfritak på bustadlånet ditt. I denne situasjonen tilbyr vi avdragsfritak inntil tre månder til dei kundane som treng det. Er du i ein usikker situasjon, ta kontakt med oss på e-post eller telefon. Det er mykje betre enn å prøve å greie det, og så går det ikkje. Du kan også ta kontakt med til dømes straumselskapet eller telefonleverandøren, for å høyre om det er mogleg å få til liknande løysingar hos dei.

Sett opp eit realistisk budsjett
Det er alltid lurt å ha eit budsjett, uansett om ein permittert eller ikkje. Sett opp inntekt og utgifter. Tenk over kva som er fornuftig fordeling, kva som er realistisk og kor du kan kutte. Når du set opp budsjettet kan du  bruke dei same postane som du lagde då du grupperte utgiftene ovanfor.

Behald roen på den langsiktige sparinga
Sjølv om det er ubehageleg og nervepirrande å sjå at verdien fell, hugs at det eventuelle tapet ikkje skjer før du vel å selje. Har du pengar til overs ved slutten av månaden, kan du vurdere å starte ein spareavtale i fond, eller auke opp eksisterande spareavtale. No har du også moglegheit til å kjøpe aksjar på billigsal, så lenge du ikkje investerer for meir enn du eventuelt har råd til å tape.