Dette bør du vite om den nye skattemeldinga

Lisbeth Aasen Andersen er kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane. Her får du hennar råd om den nye skattemeldinga.

18. mars 2020 – Kristine Eriksrød

Skattemeldinga er rett rundt hjørnet for mange, og nokre mottek den allereie onsdag 18. mars. Fleire ting er nytt ved årets skattemelding, og her får du ei oversikt over endringane.

Normalt kjem skattemeldinga i starten av april, men i år er det fleire endringar du bør vere klar over. I årets skattemelding blir det enklare å sjekke at opplysningane i skattemeldinga di er korrekte.

Det blir også enklare å fylle ut informasjonen sjølv.

Alle får ikkje skattemeldinga på same tid

Du vil få ein e-post frå Skatteetaten når skattemeldinga di er tilgjengeleg digitalt på sidene deira.

– Ei av endringane i årets skattemelding, er at ikkje alle vil få skattemeldinga på same tid, seier rådgjevar Lisbeth Aasen Andersen.

– I år vil Skatteetaten sende ut skattemeldingar på ulike datoar mellom 18. mars og 31. mars, legg Lisbeth til.

Noko som kan vere verdt å merke seg er at ikkje alle vil få den nye skattemeldinga. Dette gjeld blant anna næringsdrivande og ektefellane deira, i tillegg til dei som pleier å få skattemeldinga sendt på papir, og ikkje digitalt. Desse vil få skattemelding i gamalt format frå 31. mars.

Fristen for å levere er framleis den same: 30. april.

Dette er dei nye postane

Allereie i fjor fekk rundt 200 000 personar den nye skattemeldinga. Ei undersøking gjennomført for Skatteetaten, viser at 72 % opplevde den som enklare å bruke og 76 % synast den var meir oversiktleg. Dei postane du er vant til å finne i skattemeldinga, som foreldrefrådraget 3.2.10, vil du ikkje finne att i skattemelding i år. I staden finn du desse tema:

  • Arbeid, trygd og pensjon
  • Bank, lån og forsikring
  • Bustad og eigendelar
  • Familie og helse
  • Finans
  • Gåve og arv
  • Personleg forhold

– Merk deg at om du endrar på nokon av tala under desse tema, vil skatteberekninga i skattemeldinga oppdaterast i sanntid. Dette gjer det enklare for deg å sikre at du har rett informasjon i skatteberekninga, seier Lisbeth.

Moglegheit for å få skatteoppgjeret tidlegare

Ifølge Skatteetaten vil nokon kunne få skatteoppgjeret sitt allereie ein til to veker etter at dei har levert skattemeldinga.

For å kunne få tidleg skatteoppgjer må følgande vere på plass:

  • Du bruker ny skattemelding
  • Du og eventuell ektefelle må levere skattemeldinga
  • Du må ha skatt til gode
  • Du må ikkje ha ubetalte krav
  • Skattemeldinga di må ikkje ha blitt tatt ut til kontroll.

Pass på å få alle frådraga du har rett på

Har du fått lenger reiseveg, skilt deg eller fått barn? Lisbeth meiner at spesielt dei som har opplevd ei endring i livssituasjon sidan i fjor bør gå nøye gjennom skattemeldinga si. Typiske postar du bør vere obs på er foreldrefrådrag og frådrag for reise.

– Det er ditt eige ansvar å passe på at du betalar rett skatt. Ved å investere litt tid til gjennomgang av  skattemeldinga di, kan du hente fram fleire tusen du elles ville gått glipp av.

Ver på vakt mot svindel

No når meldingar om skattemelding snart går ut til befolkninga, åtvarar vi mot falske e-postar og SMS-ar som gir seg ut for å vere Skatteetaten og lokkar med utbetalingar.

Ein god hugseregel er at Skatteetaten aldri sender ut e-postar med lenker som du skal klikke på. Opplysningar om skatten din får du berre ved å logge deg på Skatteetaten si nettside eller Altinn.