Reduser smitterisiko med kontaktlaus betaling

Vi har lansert Google Pay, som er ein av mange smarte måtar du betalar kontaktlaust.

17. mars 2020 –  Inger Marie Lien og Kristian Helle

I desse dagar handlar det meste om å redusere smitterisiko. Når du skal betale i butikk kan du gjere det på fleire måtar; du kan bruke Android-telefonen din, smartklokka di eller Vippse. Og du kan betale kontaktlaust med bankkortet ditt, eller «tæppe» som ein kallar det.

Kontantar og betalingsterminalar kan vere ei kjelde til smitte, og derfor anbefaler WHO og fleire butikkar å betale kontaktlaust, altså å halde bankkortet inntil betalingsterminalen utan å taste  pinkoden. Legg du inn kortet ditt i Google Pay, Fitbit Pay eller Garmin Pay, kan du også betale alle beløp kontaktlaust med mobiltelefon eller klokka di.

Google Pay:

For å kunne bruke Google Pay treng du ein Android-telefon versjon 5.0 eller nyare, eit visakort med kontaktlaus betaling frå oss og Google Pay-appen som du lastar ned i Google Play.

Har du dette på plass, så gjer du slik som i denne videoen:

I butikken aktiverer du skjermen og held eininga over ein betalingsterminal når du handlar for under 400 kr. Ved betaling av beløp over 400 kroner krevst det at du låser opp telefonen/nettbrettet/eininga med kode, fingeravtrykk eller ansiktsgjenkjenning.

Er du Apple-brukar? Vi jobbar også med å få på plass Apple Pay, men det vert lansert seinare.

Klokkebetaling:

Har du smartklokke frå Fitbit eller Garmin? No tilbyr vi klokkebetaling. Registrer bankkorta dine i klokka, og så har du kontaktlaus betaling rett frå armen din.

Du kan betale med klokka di der symbolet for kontaktlaus betaling viser. Inga beløpsgrense, og ikkje krav til å taste pin-kode om beløpet er over 400 kroner.

Du vil opprette ein personleg pin-kode som gjeld for klokka, og denne må aktiverast etter 24 timar, eller kvar gong klokka misser kontakt med pulsen din.

Korleis kome i gang med klokkebetaling?

  • Du treng ei Garmin klokke med Garmin Pay eller Fitbit klokke med Fitbit Pay
  • Versjon Android 4.4 eller seinare
  • Versjon 9 av iOS eller seinare
  • Fitbit app for mobil
  • Garmin Connect Mobile (GCM) app finst i alle kompatible einingar

Fitbit Pay

  • Last ned Fitbit-appen og synkroniser med Fitbit-klokka di
  • Legg til visakortet ditt i Fitbit Pay via Fitbit-appen.

Garmin Pay

  • Last ned appen Garmin Connect og synkroniser med Garmin-klokka di
  • Legg til visakortet ditt i Garmin Pay via Garmin Connect-appen.

Trygg og hygienisk betaling utan PIN – «tæpping»:

Handlar du for under 400 kroner i butikken og skal betale med bankkort, kan du gjere dette utan å taste PIN. Beløpsgrensa på 400 kroner er med på å minimere misbruk dersom du mister kortet. I tillegg vil du med jamne mellomrom bli bedt om å taste PIN, uavhengig av beløp, nettopp for å gjere løysinga tryggast mogleg. Når du betaler kontaktlaust slepp du også å bekymre deg for at personen bak deg i køa ser PIN-koden din. Kortet kan du enkelt sperre slik at uvedkomande ikkje kan bruke det, dersom det skulle bli stole.

Vipps:

Mange butikkar tilbyr Vipps-betaling. Det fungerer ved at du i Vipps-appen trykker «skann» og deretter skannar du ein QR-kode som står på terminalen.

Desse tiltaka kan kanskje virke små og ubetydelege, men ved å redusere potensielle smitteberande berøringsflater, kan vi alle gjere vårt for å minske smitten og verne dei som er spesielt utsett for koronaviruset.