Her er vinnarane av draktsetta 2020

Gjennom Sparebanken Sogn og Fjordane sitt gode samarbeid med NFF Sogn og Fjordane har vi delt ut drakter til miniputtfotballen i Sogn og Fjordane sidan 2007.

2020 er ikkje noko unntak. I løpet av heile februar kunne miniputtlag søke om eit heilt nytt draktsett til laget sitt.

No er vinnarane klare og i år deler vi ut draktsett til 26 heldige vinnarlag. I år er det ei blanding av Nike- og Umbro-drakter, og draktsetta har ein verdi på til saman 125 000 kroner. Sjekk ut tabellen nedanfor for oversikt over årets vinnarar.

Sparebanken Sogn og Fjordane og NFF Sogn og Fjordane vil oppsøke heldige vinnarar og dele ut draktene. Når dette skjer er for tida uklart med tanke på koronaviruset.

Sparebanken er hovudsamarbeidspartner med NFF Sogn og Fjordane der målsettinga er å skape aktivitet og engasjement i lokalsamfunnet, og spesielt i breiddeidretten blant barn og unge i Sogn og Fjordane.

Draktene er allereie sendt i trykken. Vi gler oss til vi kan vere sosiale igjen og til å sjå dei nye draktene på neste Kongleriket miniputturnering!