Dette bør du gjere med fondssparinga di i urolige tider

Lisbeth Aasen Andersen er kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane, og ho gir deg gode tips til kva du no bør gjere med fondssparinga di.

12. mars 2020 – Lisbeth Aasen Andersen

I desse tider skjer det mykje som påverkar økonomien og marknaden rundt oss. Her er fire ting du bør vere merksam på når det gjeld økonomien din:

Hald hovudet kaldt – Sjølv om det er ubehageleg og nervepirrande å sjå at verdien fell, hugs at det eventuelle tapet ikkje skjer før du vel å selje.

Ikkje stopp spareavtala di – Alle fondsdelar du kjøper billegare i nedgangstida, vil historisk sett løna deg når ting roar seg, og marknaden er på veg opp att.

Spreie investeringane dine over tid – Vil du nytte børsfallet til å gjere ei større eingongsinvestering? Då kan det vere lurt å spreie investeringa di i fleire omgangar. På denne måten reduserer du risikoen rundt dei store svingingane vi ser no.

Ikkje kjøp for meir enn du har råd til å tape – «Billege aksjar = bra», tenker du kanskje no. Ein grei regel er å ikkje investere meir enn du har råd til å eventuelt tape.

Har du spørsmål utover dette om kva som løner seg for deg når det gjeld sparing og investering? Ta kontakt med rådgjevaren din eller kundesenter@ssf.no.