Slik sparer du både pengar og miljøet

Det vert stadig meir fokus på klima og miljø, og mange av oss har eit ønske om ein meir berekraftig livsstil. Det er mange enkle tiltak vi som forbrukarar kan gjere for å redusere klimaavtrykket vårt. Fleire av desse tiltaka er til og med bra for lommeboka!

Kjøp og sel brukt

Ved å kjøpe brukt kan du gjere gode kupp på både kle, møblar og elektronikk. Ofte kan du finne varer som er heilt nye eller knapt brukt til ein redusert pris. Du kan òg ta ein gjennomgang av dine eigne ting og sjå om du har noko som kan vere til nytte for andre. Ved å selje brukt sparar du miljøet samstundes som du tener nokre ekstra kroner.

Tenester som Tise og Finn.no gjer det enkelt å både kjøpe og selje brukt.

Del med naboen

Delingsøkonomi vert meir og meir populært, og tenestane blir betre dess fleire som blir med på delinga. Kanskje treng du ikkje å kjøpe eigen bil, men får dekka behovet ditt gjennom å leige naboen sin ein gong iblant. Konsept som AirBnB og Nabobil har gjort det enkelt å leige ut eit ekstra soverom eller ein bil som sjeldan blir brukt.

Gjennom lokale kjøp og sal-grupper eller appar som Nabohjelp kan du låne og leige ut ting til naboar. Du kan òg bruke dei til å organisere samkøyring. Verktøy, turutstyr og utstyr til oppussing er ting som typisk blir brukt berre nokre få gongar, og derfor ikkje er nødvendig å kjøpe. Spør derfor alltid naboen først!

Et opp maten

Matsvinn er dårleg for både miljøet og lommeboka. Planlegging av matlaging og -handel gjer det enklare å kaste mindre mat. Ikkje ver redd for best før-datoen, og bruk opp restane du har i kjøleskapet. Du kan òg spare nokre kroner ved å kjøpe mat som snart går ut på dato i butikken.

Og når du først skal handle mat, hugs å ta med eige handlenett!

Innfør shoppestopp

Det som har størst effekt på både miljøet og lommeboka er forbruksvarene vi ikkje kjøper i det heile tatt. Kva med å utfordre deg sjølv og sjå kor lenge du klarer deg utan å kjøpe noko nytt? Arranger bytekveld med vener eller kjøp brukt dersom du absolutt har behovet for noko nytt i perioden med shoppestopp.

Ved å følge desse tipsa gjer du både kloden og lommeboka ei teneste – vinn vinn!