Fem firma vil bygge dagsturhytter i Vestland

Dagsturhyttene i Sogn og Fjordane er ein stor suksess. No kjem dei også i resten av Vestland. Her frå opninga av dagsturhytta i Sogndal.

11. mars 2020 – Birthe Johanne Finstad (Vestland fylkeskommune) og Kristian Helle (Sparebanken Sogn og Fjordane)

Dagsturhytteeventyret rullar vidare. Fem byggefirma har meldt interesse for å bygge hytter i tidlegare Hordaland, og går alt etter planen, skal den første hytta vere på plass til hausten. – Det er veldig positivt at så mange har meldt si interesse for å bygge dei, seier Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Dagsturhytteprosjektet i Sogn og Fjordane har vore ein suksess. I 2018 og 2019 var det til saman 300 000 besøk fordelt på dei 26 hyttene – i ein region der det bur rundt 105 000 menneske.

No skal det bli hytter i heile Vestland.

Planlegg 35 hytter til

– Vi er i rute med prosjektet i Hordaland. Det er stor interesse og entusiasme i kommunane for å få på plass hytter. Fleire har vore på synfaring på hyttene som alt er på plass i Sogn og Fjordane, og nokre har allereie funne tomt til hytta si. All honnør til kommunane, som har hivd seg rundt og blitt med i prosjektet, seier prosjektleiar Atle Skrede, som også er opphavet til konseptet dagsturhytta.

Planen er å få på plass til saman 35 hytter til. Då er det lagt opp til ei hytte i kvar kommune etter gamal kommunestruktur, og at Bergen kommune kan ha inntil tre hytter.

Entreprenør blir klar i april

Det har i vinter vore ein avgrensa tilbodskonkurranse, der byggefirma kunne melde si interesse for å bygge inntil 20 dagsturhytter, med opsjon 15 til.

38 firma var inne og sjekka anbodsdokumenta, og fem sende inn søknadar om å vere med i den vidare konkurransen. Alle fem vart godkjende til å delta i del to av konkurransen og skal no levere komplette anbodsdokument. Der skal dei blant anna gjere greie for framdriftsplan, pristilbod, og korleis dei ser føre seg å løyse oppdraget.

Dei godkjende byggefirma er Byggmester Markhus AS i Bergen, Fjellbygg i Lyngdal, Lyngstad Bygg AS i Sandnes, Reknes Byggjevarer L.L. i Masfjorden og Stad Kystbygg på Stadlandet. Reknes Byggjevarer hadde oppdraget med bygging, transport og montering av dagshytter i Sogn og Fjordane.

Vinnaren av anbodskonkurransen vert offentleggjort i midten av april. Kommunane har frist til 20. september for å signere kontrakt med den godkjende entreprenøren.

20 har fått tilskot frå fylkeskommunen

20 kommunar i Hordaland har allereie søkt og fått fylkeskommunal støtte til dagsturhytteprosjektet. Sjå oversikt over kven som har fått tilskot nedst i saka. Kommunane er komne på ulike stadar i prosessen. Nokre har sikra seg tomt og avtale med grunneigar, andre er i startgropa og på planleggingsstadiet.

Det vart lyst ut tilskot til dagsturhytta i 2019, der kvar kommune kunne få 200 000 kroner. For å søke, måtte kommunen ha på plass eit politisk vedtak om dagsturhytte.

I fylkeskommunen sitt budsjett for 2021 er det behov for midlar til 15 nye hytter, altså trengst det vidare fylkeskommunale løyvingar på inntil 3 mill. kr. Det fylkeskommunale tilskotet er nytt i høve prosjektet som vart gjennomført i Sogn og Fjordane.

Gåve til heile fylket

I tillegg til støtte frå fylkeskommunen og spelemidlar, er også Sparebanken Sogn og Fjordane ved hovudeigar Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane, som forvaltar banken sitt overskot, med og finansierer dei kommande hyttene.

Administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Trond Teigene, tykkjer det er flott at prosjektet er godt mottatt, og at mange har meldt si interesse.

– Dette vert vår gåve til heile Vestland. Det er utruleg kjekt å sjå kor populære hyttene er i Sogn og Fjordane, og vi gler oss til dei no kjem på plass i resten av fylket også. Dette er eit viktig folkehelseprosjekt, og det er veldig positivt at så mange har meldt si interesse for å bygge dei, seier Teigene.

Tek med lærdom frå runde ein

Når det gjeld fasilitetar både i og ved hytta – og ikkje minst monteringa – er lærdomen frå del ein av prosjektet god å ha.

Den første runden med 26 hytter vart sette opp utan noko form for lys og oppvarming. Hyttene som skal byggjast i Hordaland, vil ha lys både inne og ute, med solcellepanel som energikjelde. Vedomn vil også vere ein del av standardpakken for hyttene.

Det er ikkje noko krav om utedo ved hyttene, men fylkeskommunen rår kommunane til å byggje det. Mange av hyttene i Sogn og Fjordane har også utedo ved hytta.

Samarbeid og logistikk avgjerande

– Vi sit med mykje erfaring frå førre runde og forbetrar versjon 2.0 basert på både tilbakemeldingar frå publikum og kommunane. Det er mange som skal samarbeide, og det krev ein god framdriftsplan i kommunane. Ytre faktorarar som vêr og vind rår vi ikkje over, men vi er heilt avhengige av det når modulane skal flygast på plass. Samarbeid og gode logistikkløysingar er med på å gjere dette prosjektet ekstra spennande, seier Atle Skrede.

Den første dagsturhytta vart opna på Sandane i Gloppen 8. desember 2017. Det var nervepirrande i dagane før, då flyginga av hyttemodulane vart utsett fleire gonger. Hytta vart løfta på plass med helikopter og montert dagen før opninga.

Desse kommunane har fått tilskot frå fylkeskommunen til dagsturhytte

  • Alver (3 tilskot til 3 dagsturhytter til tidlegare Lindås, Meland og Radøy)
  • Austevoll
  • Austrheim
  • Bjørnafjorden (2 tilskot til 2 dagsturhytter til tidlegare Os og Fusa)
  • Bømlo
  • Eidfjord
  • Fedje
  • Kvam
  • Kvinnherad
  • Masfjorden
  • Samnanger
  • Stord
  • Sveio
  • Tysnes
  • Voss (1 tilskot til tidlegare Voss kommune)
  • Vaksdal
  • Øygarden (1 tilskot til tidlegare Fjell kommune)