Derfor bør du droppe kontantane i utlandet

Det er fleire grunnar til at du bør bruke kort framfor kontantar i utlandet. Kortbruk er trygt, effektivt og gir god oversikt over forbruket. Du slepp å gå rundt med mykje kontantar, og du risikerer heller ikkje å sitte igjen med valuta frå eit land du kanskje ikkje skal tilbake til.

Her kjem nokre tips til smart kortbruk på utanlandsturen.

Ha med to kort

Det første tipset er å ha med seg to betalingskort til utanlandsturen, men ikkje gå med begge kortet på deg på samme tid. Det er veldig greitt å ha eit kort i bakhand dersom du skulle vere uheldig å miste det eine.

Bruk kredittkort

Det kan også lønne seg å bruke kredittkortet som betalingskort når du er i utlandet. Grunnen til dette er at kjøpa blir belasta kredittkortet og ikkje sjølve kontoen din. Du har då mogelegheit til å sjå over at transaksjonane stemmer før du betalar rekninga. Dersom du skulle bli svindla eller bli belasta feil beløp, kan du søke om å få refundert beløpet frå kortleverandøren.

Vårt kredittkort Visa Kreditt gir gratis reise- og avbestillingsforsikring dersom meir enn 50% av reisa er betalt med kortet.

Vel lokal valuta

Både ved betaling og kontantuttak i utlandet kan du velje mellom norsk og lokal valuta. Det lønner seg alltid å velje lokal valuta. Då får du den offisielle kursen som blir satt av kortleverandøren din dagleg.

Dersom du vel norsk valuta er det butikken eller minibanken som set vekslingskursen, og den blir som regel langt dyrare enn den offisielle.

I mobilbanken har du tilgang til valutakalkulator som raskt gir deg dagens valutakurs.

Skjul PIN-koden

På same måte som heime gjeld det å skjule PIN-koden når du betaler med bankkortet. Ved bruk av kontaktlaus betaling kan du betale utan PIN-kode, og du slepp å vise PIN-koden til personen bak deg i køen. Det er ei beløpsgrense på kor mykje du kan kjøpe for utan å taste PIN-koden, som bidreg til å minimere misbruk dersom du mistar kortet.

Mista kortet?

Dersom du mistar eitt av korta dine, kan du enkelt sperre det i mobilbanken. Slik unngår du at kortet kan bli misbrukt av andre.

I mobilbanken kan du òg sette regionsperre for korta dine, slik at du vel kor dei skal vere gyldige.