Slik går eit bustadkjøp føre seg

Skal du kjøpe bustad? Dette er banken oppteken av når du søker lån, og slik går prosessen med å kjøpe bustad føre seg.

Kva er banken oppteken av?

Bustadlånsforskrifta  regulerer kva som vert kravd for å ta opp bustadlån. Dei tre hovudfaktorane som vert vurdert av banken er eigenkapital, gjeldsgrad og beteningsevne.

Har du spart opp nok?

Forskrifta krev at du har spart opp minst 15% av det du skal kjøpe bustad for. Det er dette som vert kalla eigenkapital. Dersom du ønsker å kjøpe ein bustad som kostar kr 2 000 000, må du stille med kr 300 000 sjølv. Dei resterande kr 1 700 000 kan du få i lån frå banken.

I tillegg til sjølve kjøpesummen, er det ofte andre kostnadar knytt til bustadkjøpet. Ver oppmerksom på kostnadar som tinglysingsgebyr, dokumentavgift og fellesgjeld.

Har du mykje gjeld frå før?

Vidare krev forskrifta at den samla gjelda di ikkje kan overstige fem gongar inntekt. Her er det snakk om brutto årsinntekt, det vil seie årsinntekta di før skatt. I denne samla gjelda inngår all gjeld du har, til dømes studielån, forbrukslån og kredittkortgjeld.

For eksempel kan du ta opp bustadlån på kr 2 000 000 dersom du har ei årsinntekt på kr 400 000. Dersom du allereie har eit studielån på kr 200 000, kan du ta opp kr 1 800 000 i bustadlån. Då blir den samla gjelda fem gongar inntekta di.

Dersom di kjøper bustad saman med nokon andre, vil det bli tatt utgangspunkt i den samla årsinntekta.

Klarer du å betale lånet?

Banken er òg opptatt av at du klarer å betale renter og avdrag på lånet. Dette blir vurdert ut i frå inntekta di, og kor mykje du sit att med kvar månad etter å ha betalt dei faste utgiftene dine. Økonomien din må tole ei viss renteauke på lånet, i tilfelle rentene skulle auke.

Vidare er det viktig for banken at du ikkje har betalingsmerknadar.

Møte med kunderådgjevar

Når du har nokre tankar om kor du vil bu og kva type bustad du vil kjøpe, er tida inne for eit møte med kunderådgjevaren din. På eit lånemøte får du svar på kva som vert kravd for å kunne kjøpe den bustaden du ser for deg. Saman med  kunderådgjevaren tar du ein gjennomgang av eigen økonomi og korleis du ligg an til å kunne kjøpe din første bustad.

Ikkje ver redd for å ta kontakt med rådgjevaren din sjølv om det endå er ei stund til du kan kjøpe din første bustad. Det er både lærerikt og motiverande å være på lånemøte!

Lånebevis

I god dialog med kunderådgjevaren din vert de einige om kor mykje du maksimalt kan by. Når bod er lagt inn vil meklar be om stadfesting frå banken. Lånebeviset er gyldig i tre månader, og bør vere på plass til ei eventuell bodrunde.

Visning

Når du veit kor mykje du kan kjøpe for, kan du byrje å gå på visningar. På visning må du tenke over kva som er viktig for deg, både no og i åra framover. Bustaden du investerer i må passe til livsstilen din og behova dine. Er det plassering, kollektivtilbod eller utsikt som er det viktigaste for deg? Set gjerne opp ei sjekkliste med krav til den nye bustaden din.

Det kan vere lurt å gå på fleire visningar for å orientere seg i marknaden og sjå kva ein får til ulike prisar.

Bodrunden

Finn du ein bustad du kunne tenke deg og har finansieringsbeviset på plass, er du klar for å kaste deg inn i bodrunden.

Bodrunder kan vere nervepirrande, og det er lett å la seg rive med. Før bodrunden startar er det derfor viktig å sette eit tak på kor høgt du er villig til å gå.

Les salsoppgåva nøye før du legg inn bod. Eit bod er juridisk bindande, og i etterkant av kjøpet kan du ikkje klage på forhold som er opplyst om i salsoppgåva. Ettersom bodet er juridisk bindande kan du ikkje by på meir enn ein bustad om gongen.

I denne prosessen vil ein eigedomsmeklar fungere som mellomledd mellom kjøpar og seljar. Meklaren vil rådgje deg i prosessen og orientere deg om andre bod som kjem inn.

Signering og kjøp

Er du heldig og vinn bodrunden, er neste steg å signere kjøpekontrakt. Kontrakta er eit bevis på at du har fått tilslaget på bustaden, og skal sendast til banken. Du vil då motta lånedokument frå banken som du må signere for å få utbetalt lånet. Når lånet er utbetalt kan du betale bustaden, og berre overtakinga står igjen.

Overtaking

Overtakinga skjer som oftast mellom kjøpar og seljar, utan meklar til stades. Sjølv om du er i lykkerus for å endeleg få nøkkelen i handa, er det viktig å sjekke eit par ting før du signerer overtakingsprotokollen.

Kontroller at alt er som avtalt i kjøpekontrakten. Er det som skal følge med bustaden på plass, og alt anna rydda vekk? Er det tilstrekkeleg reingjort? Hugs òg å lese av straummålaren, då seljar skal betale for straum inntil overtaking. Dersom noko ikkje er etter avtala, må det kome fram av protokollen.

Om alt er i orden, kan protokollen signerast, og du kan flytte inn i din nye bustad!