Funkygine-arrangementet er utsett

Arrangementet med Jørgine Massa Vasstrand, kjent som Funkygine, i Førdehuset onsdag 11. mars er utsett. Det kjem til å bli arrangert, men ved eit seinare tidspunkt.

Arrangørane Sparebanken Sogn og Fjordane og Førde IL beklager at foredraget og treninga med Funkygine ikkje vert arrangert som planlagt i Førdehuset onsdag. Tysdag kom det melding frå eventselskapet som jobbar for Funkygine at dei i nærmaste framtid har stoppa alle sine jobbreiser og arrangement på grunn av Coronaviruset.

I dialog med kommunehelsetenesta i Sunnfjord vart det måndag bestemt at arrangementet kunne gjennomførast som planlagt, men Johanne Viken Sandnes, leiar for marknad og kommunikasjon hos Sparebanken Sogn og Fjordane, seier at dei har forståing for valet eventselskapet no har tatt.

– Vi jobbar no med å finne ein ny dato for arrangementet. Funkygine kjem fortsatt til Førde, og det gler vi oss stort til, seier Sandnes.

Kva med deg som er påmeldt?

Som nemnd vil arrangementet bli arrangert på eit seinare tidspunkt, men på grunn av uvissa rundt Coronaviruset, er det for tidleg å seie noko om når det skjer.

– Alle som er påmeldt vil fortsatt vere det til eventet som skal finne stad seinare. Det same gjeld for vinnarane av konkurransane som har pågått i ulike sosiale medium, seier Sandnes.