Viktig informasjon om Funkygine-arrangementet i Førde

Sparebanken Sogn og Fjordane og Førde IL sitt arrangement med Jørgine Massa Vasstrand, kjent som Funkygine, i Førde går som planlagt. Det er teke forholdsreglar, og dei kan du lese her. 

————————————————————————————————————————

SISTE OPPDATERING: Dette arrangementet er utsett. Les meir her

————————————————————————————————————————

Onsdag 11. mars skal Funkygine ha foredrag og trening i Førdehuset. Mange lurer på om det fullbooka arrangementet vil bli gjennomført, med tanke på Coronaviruset.

Etter tett dialog med kommunehelsetenesta i Sunnfjord er det bestemt at arrangementet vil gå som planlagt. 

Men vi ber likevel om at følgande påmeldte må halde seg heime:

  • Alle som har vore i risikoområda
  • Alle som har luftvegssymptom
  • Alle som har vore i kontakt med nokon som har påvist smitte

Dei som er i risikosona bør også halde seg heime.

Er du usikker, ta kontakt med legen din.

Det vil også bli hengt opp plakatar på staden og oppfordrar alle til å følge råd frå Folkehelseinstituttet når det gjeld nærkontakt.  Les meir om dette på FHI si nettside.

Tribunen vert stengd – og bildetaking før arrangementet utgår 

I denne Firda-saka står det at tribuna i Førdehuset vert opna for alle som vil sjå på treninga. No er det derimot bestemt at tribuna ikkje vil bli opna for publikum likevel. Dette er fordi arrangøren skal ha kommunikasjonsmoglegheiter på forhånd med dei som skal, og då er det kun inviterte som kan komme.

Når det gjeld alle dei som er påmeldt på foredrag og trening har arrangør namn og kontaktinfo på alle.

Det er også tidlegare blitt informert om at  det mellom 17.00 – 17.30 vil bli mogleg å ta bilde med Funkygine i Førdehuset. Også dette utgår dessverre.

Men foredrag og trening går som nemnd som planlagt, og det vert veldig kjekt!

Program:  

17:30 «Sterk inni, sterk utenpå» i Storsalen 

18:15 Treningsøkt i idrettshallen 

19:15 Avslutning