Derfor ønsker Sparebanken Sogn og Fjordane å bli forska på

NY STILLING: No kan du forske på sparebankmodellen. – Det er mange som har meldt si interesse, seier Reiel Haugland, teknologidirektør i Sparebanken Sogn og Fjordane.

19. februar 2020 – Kristian Helle

– Forhåpentlegvis skal kandidaten om 3-4 år kunne svare på korleis ein lokalt forankra sparebank bør utvikle seg for å vere like relevant og god framover, seier Reiel Haugland, teknologidirektør i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Har du lyst til å forske på sparebankmodellen? Har du lyst å ta ei doktorgrad i Sparebanken Sogn og Fjordane og bidra til at banken utviklar seg og held seg relevant også i framtida?

Det har du no moglegheita til.

I samarbeid med Høgskulen på Vestlandet og Mohnsenteret søker Sparebanken Sogn og Fjordane etter ein stipendiat som ønsker å forske på forretningsmodellen til regionale sparebankar.

– Dette er ein del av nærings ph. d.-ordninga til forskingsrådet. Målsetjinga med denne ordninga er at næringslivet skal få god og konkret forsking ut av akademia. Doktorgradarbeidet skal vere konkret og retta inn mot å løyse utfordringar som næringslivet sit på, seier Reiel Haugland, Sparebanken Sogn og Fjordane sin teknologidirektør.

Saka held fram under søkeknappen.

Sparebankmodellen – kva er det eigentleg?

Vanlegvis finn ein slike typar forskarstillingar ved høgskular og universitet. Så kvifor i banken? Nytteverdien vil vere stor, meiner Haugland.

– Vi har diskutert problemstillinga saman med Høgskulen på Vestlandet og Mohnsenteret. Dette senteret har to sentrale område som dei prøvar å bringe ny kunnskap inn i. Det er innovasjon i brei forstand, og det er distriktsperspektivet på innovasjon. Og i denne konteksten passar forretningsmodellen til ein sparebank veldig godt inn, nemleg det å drive lokalt foranka regional næringsutvikling, seier Haugland.

Han held fram:

– Vi seier mykje godt om sparebankmodellen, det vi refererer til då er jo samfunnskapitalen. Banken vår har ikkje private eigarar som tek overskotet, men det blir gitt tilbake til lokalsamfunnet og til banken. Dette for å støtte opp under det området banken har bestemt seg for å vere ein del av, og for oss er jo det Sogn og Fjordane.

– Lurt å utvikle oss i takt med tida

Denne modellen har vore ei suksessoppskrift i mange, mange år, og den er det framleis.

– Men vi er blitt meir globale, og kanskje er lojaliteten litt synkande. Her er teikn i tida og trendar som peikar mot at kanskje det kan vere lurt å auke utviklingstakta i tråd med det som skjer rundt oss. Det er fort å tenke at sjølv om dette har stått fast i 150 år, så vil det vere slik i 150 nye år, seier Haugland.

– Så poenget her er at kandidaten som får stillinga forhåpentlegvis om 3-4 år skal kunne svare på korleis ein lokalt forankra sparebank må utvikle seg for å vere like relevant og god framover. Dette er eit stort og spennande spørsmål, men eit tema som vi veit skaper interesse.

Vil lage eit miljø

Som nemnd er dette i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet og Mohnsenteret. Kandidaten som får stillinga vil sitte 50 prosent i banken og 50 prosent på Campus Verftet Førde.

– Der sit det frå før tre andre ph.d.-studentar, og målsetninga her er å lage eit større komeptansemiljø saman med alt det andre spennande som skjer på Campus Verftet, forklarer Haugland.

Kvalifikasjonar:

  • Mastergrad innanfor strategi, innovasjon, samfunnsøkonomi, teknologi, leiing eller liknande.
  • Karakter B eller betre på masteroppgåva og gjennomsnittskarakter på B for masterstudiet(120 poeng). Masteroppgåve må vere levert til vurdering innan søknadsfristen, og mastergraden må vere godkjent seinast fire veker etter søknadsfristen.
  • Stipendiatstillinga har ein tidsramme på 3 år, og skal inngå i eit godkjent opplegg for ein ph.d.-grad.
  • Søknad om opptak til doktorgradsprogram skal først sendast etter tilsetting. Seinast 3 månader etter tilsetting må stipendiaten vere tatt opp i eit ph.d.-program.