Søk om draktsett til miniputtane!

Treng fotballaget ditt nye drakter? No er tida inne for å søke om gratis draktsett til miniputtane i Sogn og Fjordane!

NB: Fristen for å søke er gått ut!

Som hovudsponsor til NFF Sogn og Fjordane er vi stolte av over å få dele ut draktsett til miniputtane (6-9 år) i heile Sogn og Fjordane. Til saman skal vi dele ut drakter til ein verdi av 125 000 kroner.

Søknadsskjema til draktsettet ligg nedst på denne sida. Søknadsfrist er 1. mars 2020!

Laget må ha løyve frå klubbleiar til å søke. Dette på grunn av lokale sponsoravtalar og bransjeeksklusivitet.

Litt om draktene:

Draktene er av merket Nike (park-serien) eller Umbro (Core-serien) (ref. Intersport Sogndal), og dei vil ha Sparebanken Sogn og Fjordane-logoen på brystet. Eit sett vil bestå av totalt ti spelarsett med langerma trøye, shorts og strømper, og av desse er det to keeperdrakter. Draktene er i fargane raudt, blått, kvitt, svart, gult, oransje og grønt.

Etter at søknadsfristen er ute vil dei heldige vinnarane bli trekt ut. Banken og kretsen vil oppsøke vinnarane og dele ut draktene på trening. Vi ønsker at alle skal få draktene til den første runda med  Kongleriket Miniputt 9. mai 2020. Kongleriket Miniputt er serieordninga for barn i alderen 6-9 år.

Draktene skal vere i laget og gå vidare til neste gruppe av 6-9-åringar. Ved spørsmål kan du kontakte Svein-Olav Myklebust på e-post: svein-olav.myklebust@fotball.no.

Vi håpar dette tilbodet vil glede alle som driv med barnefotball, og vi ønsker dykk lykke til vidare med klubben sitt arbeid for barn og unge.