Pernille (11) fekk møte Gjert Ingebrigtsen: – Det var gøy!

11 år gamle Pernille Hessvik Holme var så heldig at ho fekk komme innom banken i Florø for å møte Gjert Ingebrigtsen tysdag.

15. januar 2020 – Kristian Helle

Pernille Hessvik Holme (11) var blant over 300 frammøtte då Gjert Ingebrigtsen hadde foredrag på Flora Samfunnshus tysdag. Pernille fekk også gleda av å møte trenarstjerna!

– Det var gøy! seier 11-åringen rett etter møte med den kjende trenaren – og faren – til tre av verdas beste friidrettsutøvarar, Jakob, Filip og Henrik Ingebrigtsen.

– Eg har fulgt litt med på Team Ingebrigtsen, seier Pernille og viser til TV-programmet på NRK som følger friidrettsfamilien frå Sandnes.

Er veldig aktiv

Pernille seier at ho sjølv driv med friidrett, og det ho likar best er lengde og høgde.

– Heilt sidan eg var fem år har eg likt å springe. Då begynte eg på barneidrett, og så begynte eg på friidrett då eg var åtte, seier ho.

11-åringen, som er med i Florø Turn og Idrettsforening, er på friidrettstrening onsdagar og torsdagar, og er i sesongen med på det meste av friidrettsarrangement som er i Sogn og Fjordane. I tillegg var Pernille også med på tre konkurransar i Bergen i fjor.

Måndagar og tysdagar er det ballett og dans det går i, så Pernille er med andre ord veldig aktiv med mykje forskjellig. Det meiner Gjert Ingebrigtsen er heilt topp!

– Det vi har gjort heime hos oss er at ungane er med på treningane med idrettslaget fram til dei er 12 år gamle. Då spelar dei fotball og held på med alt mogleg. Så kjem dei under mitt regime når dei er 12 år, og då vert det som regel ein brå overgang, seier Ingebrigtsen og flirer.

Han held fram:

– Veldig mange utøvarar, og vaksne også, misforstår veldig mykje av det vi står for. Dei trur at ungane våre har sprunge hælane av seg sidan dei var bitte små, men det har iallfall ikkje vore i min regi. Eg får av og til melding av foreldre om korleis dei skal få sin talentfulle 8-åring til å springe fort, men då seier eg at det har eg ingen erfaring med, for det har eg aldri brukt tid på.  Ungar må få vere ungar, og då er det heilt andre ting som er viktig, meiner Ingebrigtsen.

Vore i Florø mange gonger

Som nemnd innleiingsvis var Ingebrigtsen i Florø tysdag. Der heldt han foredrag framfor over 300 frammøtte i kinosalen på Flora Samfunnshus. Dette foredraget vart arrangert av Sparebanken Sogn og Fjordane saman med Florø Turn og Idrettsforening.

Publikum fekk der mellom anna høyre Ingebrigtsen fortelle om sin bakgrunn og oppvekst, og korleis han har fått tre av sønene sine til å bli verdas beste friidrettsutøvarar.

Ingebrigtsen har tidlegare vore i Florø fleire gonger på arrangement i regi av Florø Turn og Idrettsforening, mellom anna Florø Friidrettsfestival.

– Det er veldig fint her, og eg er vant med kysten. Eg er også glad i vêr, berre ikkje i fly, seier Ingebrigtsen smilande.

Gjert Ingebrigtsen og Pernille Hessvik Holme.

Gjert Ingebrigtsen heldt eit inspirerande og interessant foredrag på Flora Samfunnshus.

Administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Trond Teigene, og Gjert Ingebrigtsen.

Over 300 tok turen for å høyre på Gjert. Takk til alle som kom!