Slik betalar du rekningar til din nye kommune

Lisbeth Aasen Andersen er kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane. Her gir ho deg ei oversikt over kva du må gjere med betalingsavtalane dine dersom du bur i ein av dei tre nye kommunane Kinn, Sogndal og Sunnfjord.

Er du innbyggar i dei nye kommunane Kinn, Sogndal og Sunnfjord? Visste du at samanslåingane kan påverke betalingsavtalane dine? 

1. januar 2020 såg dei nye kommunane Kinn, Sogndal og Sunnfjord dagens lys. I samband med dette kan det ha skjedd endringar i avtalane dine til for eksempel barnehagen, SFO og andre faste betalingar til kommunen din.

Her får du ei oversikt over desse endringane:

Sogndal kommune

Bur du her må du opprette eFaktura på nytt. I mellomtida kan det hende at du får faktura i posten. Dei gamle avtalegiroane følger med frå din tidlegare kommune.

Kinn kommune

Her treng du ikkje gjere nokre endringar, men du vil ein liten periode sjå to avtalar i nettbanken. Du vil likevel ikkje bli belasta dobbelt.

Sunnfjord kommune

Her må du opprette eFaktura og avtalegiro på nytt. I mellomtida kan det hende at du får faktura i posten.

Oppretting av nye betalingsavtalar

Slik opprettar du eFaktura og AvtaleGiro i mobilbanken:

Betaling -> betalingsavtalar -> opprett ny avtale. Deretter vel du enten «eFaktura» eller «AvtaleGiro». OBS: Du må ha eFaktura-referansen klar (den finn du på ein tidlegare faktura).

Nettbank

I nettbankmenyen øvst på sida finn du «opprett eFaktura» og «opprett «AvtaleGiro» under «eFaktura/Avtalegiro».