No har dei endeleg opna ny skiheis: – Stor takk til banken!

FØRSTE DAG: I helga kunne Stryn Vinterski endeleg opne den splitter nye juniorheisen sin. Sparebanken Sogn og Fjordane har bidrege med 200 000 kroner for å få denne heisen i stand. Her ser du Odd Kjetil Tonning (t.v.), banksjef privatmarknaden i Stryn, saman med Anders Aarnes, styreleiar i Stryn Vinterski.

7. januar 2020 – Kristian Helle

Stryn Vinterski har i fleire år jobba for å få på plass ein ny juniorheis. I helga kunne dei endeleg opne.

– Denne heisen har vore eit særs etterlengta tilbod både for oss som driv anlegget, men først og fremst for brukarane som ikkje heilt torer å ta steget frå barnetrekket og til hovudheisen, seier Anders Aarnes, styreleiar i Stryn Vinterski.

Rett før årets første helg kom det etterlengta natursnø, og laurdag 4. januar kunne dei endeleg opne det flunkande nye 300 meter lange skitrekket som vart ferdigstilt i haust.

– Vi i Stryn Vinterski er veldig nøgde med det vi har fått til rundt skisenteret i haust. Dette hadde vi ikkje klart utan dyktige arbeidsfolk, økonomiske bidrag frå mange hald og mykje dugnadsarbeid. Det har vore velvilje og positiv haldning frå alle hald, seier Aarnes.

Gåve på 200 000 kroner

Som styreleiaren nemner er det fleire som har bidrege økonomisk for at dette no er kome i stand. Mellom anna har Stryn Vinterski fått ei gåve på 200 000 kroner frå Sparebanken Sogn og Fjordane sitt overskot, som Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane forvaltar.

– Vi vil rette ei stor takk til Sparebanken Sogn og Fjordane for deira bidrag. Denne gåva på 200 000 kroner er ei gåve som monnar godt i eit slikt prosjekt, seier Aarnes.

Odd Kjetil Tonning, banksjef for privatmarknaden i Stryn, seier at det er veldig kjekt at Stryn Vinterski no er komne i mål, og at dette er eit positivt folkehelsetiltak som vil vere med på å gjere moglegheitene for å kome seg ut på ski endå lettare for barnefamiliar i området.

– Ein god juniorheis har vore etterlyst på skisenteret i Stryn i 20 år, så det er kjekt at vi som støttespelar og lokalbank kan bidra til at desse planane endeleg vart realisert. Då denne juniorheisen vil vere gratis for alle sørgar Stryn Vinterski for å etablere eit godt lågterskeltilbod for alle barn, unge og nybyrjarar, seier Tonning.

Også nytt snøproduksjonsanlegg

Sjølv om Stryn Vinterski opna den nye juniorheisen i helga er det ingen hemmelegheit at vinteren vi er inne i til no har vore dårleg for dei som er glad i snø, kulde og ski. Heldigvis er vinteren framleis ung, og vi har potensielt fleire månadar med gode skiforhold framfor oss.

– Vi gler oss verkeleg til å få snø på plass, enten frå det nye snøproduksjonsanlegget eller frå himmelen, seier Aarnes.

– Vêret kan vi ikkje gjere så mykje med, men vi har no fått eit anlegg som gjer oss i stand til å sikre skuldersesongane betre, avsluttar han.