Takka vere Renate får mange familiar ei betre jul

JUL FOR ALLE: Først vart Renate Håvåg (t.h.) og «Jul For Alle» tildelt 90 000 kroner, men etter dette har støtta blitt utvida til 105 000 kroner. – Renate står for eit engasjement som er beundringsverdig og som rører ved følelsane til folk, seier Gunn Aase Moldestad, marknadssjef i Sparebanken Sogn og Fjordane.

23. desember 2019 – Kristian Helle

For fjerde året på rad er det mange familiar i Sogn og Fjordane som får ei betre jul takka vere Renate Håvåg og familien hennar.

Førjulstida er for mange ei travel tid, der mykje skal ordnast og handlast. Det gjeld så definitivt også for Renate Håvåg, mannen Thomas Karlsen og resten av familien hennar i Stongfjorden.  Dei brukar nemleg store delar av tida si før jul til å hjelpe familiar i Sogn og Fjordane med å få ei betre julefeiring enn det dei elles hadde fått.

– Det er ein veldig god følelse å kunne hjelpe, seier Håvåg.

Mange har bidrege

I 2016 starta ho «Jul For Alle», og gjennom denne foreininga samlar ho og familien inn julemat og gåver til familiar som slit økonomisk. Ho fortel at dei i år hjelper over 100 familiar i Sogn og Fjordane.

– I starten  kvart år er det mykje stress, og vi tenker «Korleis skal vi klare dette?». Men så tenker vi jo at vi klart det dei tidlegare åra, og det har aldri vore slik at vi ikkje har hjelpt nokon som vi har lova å hjelpe. Først er det stress, men når vi kjem i mål så er det ein fantastisk god følelse, seier Håvåg, og fortel at ho får mykje god hjelp frå både vener og nær familie.

Hjelp har ho også fått frå næringslivet. Både Coop Extra, Europris og Gyngehesten har bidrege godt, og ho har fått inn donasjonar gjennom Spleis og Vipps, i tillegg til gåve frå Sparebank 1, fortel Håvåg.

90 000 kroner frå Sparebanken Sogn og Fjordane vart til 105 000

Også Sparebanken Sogn og Fjordane har gitt gåve. Via Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane fekk «Jul For Alle» først 90 000 kroner frå banken sitt overskot, før støtta vart  utvida med 15 000 kroner.

Dei siste 15 000 kronene har bakgrunn i at Håvåg høyrte på ei av NRK Sogn og Fjordane sine radiosendingar sist veke at det var fleire familiar som ikkje hadde pengar nok til å få ei så god jul som ønskjeleg. Etter å ha lagt ut ein post på Facebook, som vart delt til over 40 000 personar, i tillegg til nokre telefonsamtalar, fann ho fram til desse familiane.

– Takka vere dykk er jula redda også for desse familiane. Tusen takk! seier Håvåg.

Marknadssjef i Sparebanken Sogn og Fjordane, Gunn Aase Moldestad, er klar på at det er Renate, og alle dei som hjelper ho, som fortener å bli takka.

– Vi i banken har over fleire år støtta Renate i det imponerande arbeidet ho og familien har lagt ned for å hjelpe barnefamiliar som slit med å å få kjøpt inn mat og gåver til familien sin. Ho står for eit engasjement og ein stå-på-vilje som er beundringsverdig og som rører ved følelsane til folk, seier Moldestad.

Dei tidlegare tildelingane kan du lese om her og her.

Startar julehandelen på våren

Håvåg har tidlegare vore open om at ho og familien hadde behov for økonomisk hjelp til å feire jul. Ho seier at sidan ho har vore i same situasjon tidlegare, så er det ekstra kjekt at ho no kan bidra for andre for fjerde året på rad.

– Men, Renate. Du har jo mann og tre ungar. Får du tid til å forberede dykkar eiga feiring då?

– Før eg møtte dykk her no så skulle eg møte ein ven i Førde, og før eg reiste så tenkte eg «Kor er julegåvene til ho då?», seier Håvåg og ler.

– Alt vårt har vore stua vekk. Vanlegvis brukar eg å starte på gåvene utover våren når det er diverse tilbod, og så set eg det inn på eit rom på loftet. I år har vi hatt så dårleg tid, så eg har ikkje fått sett på gåvene på lenge. Som regel pakkar eg inn våre gåver først før eg begynner med «Jul For Alle», men i år har det ikkje vore sånn sidan det har vore så mykje å gjere, seier ho.

Men som Håvåg har nemnd tidlegare:

– Først er det stress, men når vi kjem i mål så er det ein fantastisk følelse!

Og no er ho i mål! Tusen takk for innsatsen!

KLART: Her er eit utval av gåvene som har blitt sendt til familiar i Sogn og Fjordane.