Tildelt 750 000 kroner: – Dette set vi stor pris på!

GÅVE TIL BASSENG: Torunn Mattson (t.h.), banksjef i HAFS-kommunane var onsdag i Bulandet med ei gåve på 750 000 kroner til bassengnemnda. Her saman med Laila Blom, som er med i bassengnemnda, og Bengt Ronny Landøy-Midtbøen, leiar i bassengnemnda. Foto: Lars Grepstad

18. desember 2019 – Kristian Helle

Bulandet IL er tildelt 750 000 kroner til Bulandet og Værlandet fleirbrukshall. Desse pengane er med på å ferdigstille bassenget i hallen.

– Denne tildelinga set vi stor pris på! seier ein svært glad Bengt Ronny Landøy-Midtbøen, leiar i bassengnemnda.

Pengane kjem frå Sparebanken Sogn og Fjordane sitt overskot, som vert forvalta av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

– Dette er ei julegåve som verkeleg monnar samfunna Bulandet og Værlandet, og denne tildelinga vil vere av største betydning i ferdigstillinga av hallen, seier Landøy-Midtbøen.

Rosar dugnadsinnsatsen

Som nemnd går desse pengane til bassengdelen i fleirbrukshallen. Kapitalbehovet her er på ni millionar kroner, og dette er no fullfinansiert. Banksjef Torunn Mattson i HAFS-kommunane fekk omvisning i den påbegynte hallen i Bulandet onsdag, og dit hadde ho med seg det synlege beviset på gåvetildelinga. Same kveld var det også folkemøte i Bulandet der bassengnemnda orienterte om kva arbeid som er gjort i år for å komme dit dei er i dag.

Mattson fortel at ho er imponert over den store innsatsen som er lagt ned for å få finansieringa i boks.

– Ikkje minst gjennom kronerulling lokalt, seier Mattson og viser til at prosjektet har fått inn 3,5 millionar kroner gjennom kronerulling.

– Men også Askvoll kommune har bidrege. Vi håpar at dette gir motivasjon til vidare dugnadsinnsats og den «stå-på-viljen» øyfolket har vist gjennom mange år i dette prosjektet, rosar Mattson.

50 år tilbake i tid

Historien til det som i dag vert kalla for Bulandet og Værlandet fleirbrukshall strekker seg over 50 år tilbake i tid. Mange har gjort mykje i forsøket for å gi innbyggarane eit fullstendig symjetilbod, og Bengt Ronny Landøy-Midtbøen trekk spesielt fram Konstanse Tysse, som gjekk bort for snart to år sidan.

Ho vart fødd i 1927, og på 60-talet lufta ho ideen om eit symjebasseng for første gong. I 1983 fekk ho ideen om å samle inn pengar for at dei som ikkje kunne symje skulle få lære nettopp det. Gjennom sal av vafler skaffa ho i løpet av dei 15 neste åra nærmare 200 000 kroner, som sidan vart brukt til bassengrelaterte utgifter.

– Dugnadsinnsatsen på dette prosjektet har vore enorm. Frå planeringa av tomta, støyping av veggelement, legging av tak og spikring av kledning. Styrt dugnadsinnsats vil også ha ein sentral plass i ferdigstillinga av hallen, seier Landøy-Midtbøen.

At denne symjehallen no vert ein realitet betyr sjølvsagt mykje for dei som bur der. For eksempel må barna i Bulandet og Værlandet i dag reise i ferje ein time kvar veg til og frå Askvoll for symjetrening.

– På vegne av Bulandet Idrettslag vil eg gjerne få takke for denne gåva, avsluttar Landøy-Midtbøen.

Tidlegare tildelingar til hallar i 2019:

LANGT PÅ VEG: Snart kan innbyggarane få symje her inne. Foto: Kjell-Ivar Værøy