Desse pengane skal bidra til meir fysisk aktivitet i barnehagane

NYTT PROSJEKT: ACTNOW er eit prosjekt som Høgskulen på Vestlandet gjennomfører, og det skal bidra til auka fysisk aktivitet i barnehagar i fylket. Frå venstre: Eivind Aadland (professor ved Høgskulen på Vestlandet), Ingebjørg Breisnes (styrar i Nybø barnehage) og Jan Petter Vadheim (banksjef bedriftsmarknaden i Sogn). Foto: Renate Sæle/Sogn Avis

11. desember 2019 – Kristian Helle

Gjennom prosjektet ACTNOW har Høgskulen på Vestlandet fått ei gåve på 600 000 kroner frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane. 

ACTNOW står for «Active Learning Norwegian Preschool(er)s»,  og det er eit forskings- og utviklingsprosjekt  som skal auke den fysiske aktiviteten hos barna og gi auka kompetanse hos dei tilsette.

– Vi vil med dette prosjektet betre barn si helse og redusere sosiale skilnader i helse og utvikling, seier Eivind Aadland til Sogn Avis. Har du abonnement hos dei kan du lese saka her.

Aadland er professor ved Institutt idrett, kosthald og naturfag ved Høgskulen på Vestlandet og er prosjektleiar for ACTNOW.

Prosjektet skal gjennomførast i mange kommunar i Sogn og Fjordane dei tre neste åra, og til det har Høgskulen på Vestlandet fått ei gåve på 600 000 kroner. Desse pengane kjem frå Sparebanken Sogn og Fjordane sitt overskot, som vert forvalta av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Jan Petter Vadheim, banksjef på bedriftsmarknaden i Sogn, var nyleg innom Nybø barnehage i Leikanger, som er med i prosjektet. Der fekk han sjå ungane teste utstyret dei er tildelt, som for eksempel hinder, kjegler og ballar.

– Det var kjekt å sjå aktiviteten, og det er heilt klart at dette kjem til god nytte, seier Vadheim.

Han held fram:

– Det veldig kjekt for oss i banken å vere med å støtte Høgskulen på Vestlandet i dette prosjektet. ACTNOW vil heilt klart bidra til å auke aktiviteten til barna, og det er veldig positivt, seier Vadheim.

I tillegg til utstyrspakkane barnehagane får vil dei tilsette i barnehagane få tilbod om ei vidareutdanning som gir 15 studiepoeng.