Hallen i Bygstad er tildelt 750 000 kroner

FÅR HALL: Snart får elevane ved Bygstad skule ein stor og flott fleirbrukshall vegg i vegg med skulen. – Den kjem til å bli samlande for bygda og vert ein kjempeviktig møteplass, seier Roy Stian Farsund, banksjef for bedriftsmarknaden i Sunnfjord.

9. desember 2019 – Kristian Helle

Det skal byggast fleirbrukshall i Bygstad, og den har fått ei gåve på 750 000 kroner frå banken. Dette er den tredje kommande hallen i Sogn og Fjordane som har fått pengegåve det siste året.

Gåva er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane. Gåva er med på å finansiere den kommande fleirbrukshallen i Bygstad.

– Det er veldig kjekt for oss å bidra til at denne hallen vert ein realitet, og vi må rose det lokale initiativet og engasjementet i Bygstad. Det er nøkkelen til at dei har fått det til. Slike plassar er samlande for bygda og vert ein kjempeviktig møteplass, seier Roy Stian Farsund, banksjef for bedriftsmarknaden i Sunnfjord.

Rosar det lokale engasjementet

Ein av initiativtakarane som Farsund trekk fram, er Pål Anders Kårstad. Saman med Grim Erik Gillestad og Frode Kårstad gjekk dei i bresjen for å få den kommande fleirbrukshallen til Bygstad.

– Denne gåva betyr alt! seier Pål Anders Kårstad.

Han forklarer:

– Trond Mohn har gjeve oss ti millionar kroner, men det hadde han ikkje gjort om det lokale engasjementet ikkje hadde vore der. Når Mohn og hans folk vurderer om dei skal gje pengar, så er det viktig for dei at dei lokale bedriftene bidreg. At vi har fått 750 000 frå Sparebanken Sogn og Fjordane betyr ekstremt mykje for å utløyse fleire gåve. Ikkje berre Trond Mohn, men også private legg merke til det, seier Kårstad.

Til saman har dei no samla inn 13 millionar kroner i gåver.

– Å jobbe med denne hallen har gjeve oss ei god erfaring om kor viktig det er med lokalt eigarskap, og den jobben Sparebanken Sogn og Fjordane gjer med å gje tilbake til lokalsamfunnet, er kjempeviktig. Utan lokalt engasjement så får ein ikkje til slike prosjekt. Så enkelt er det, meiner Kårstad.

Banksjefen: – Unik hall

I hallen i Bygstad vert det tilrettelagt for både friidrett, turn, klatring og ballidrett. Roy Stian Farsund i banken seier at det er ekstra kjekt å gje støtte når tilbodet er så breitt.

– Innhaldet og  breidda i tilbodet gjer denne hallen unik. Det er rett og slett ein fantastisk fleirbrukshall som legg til rette for mange typar aktivitet. Det er flott å bidra til breidde i aktiviteten, seier Farsund.

Som nemnd er dette den tredje gåva på 750 000 kroner som vert gitt til planlagte hallar i fylket det siste året. Dei to andre er Arena Stryn og storhallen på Skei. Dei to tildelingane kan du lese om her.

Firda har omtala tildelinga til hallen i Bygstad, og den kan du lese her om du har abonnement hos dei.

Det var god stemning då Inger Helene Øvrebø, kunderådgjevar i Førde, og Roy Stian Farsund, banksjef bedriftsmarknad i Sunnfjord, besøkte Bygstad skule og informerte om gåva.

Frå venstre: Pål Anders Kårstad, Roy Stian Farsund, Inger Helene Øvrebø, Mathias Råheim og Grim Erik Gillestad.