100 000 kroner i julegåve til Sogn og Fjordane Røde Kors

JULEGÅVE: Arve Sandal, nestleiar i Sogn og Fjordane Røde Kors tok imot gåva på 100 000 kroner frå Sparebanken Sogn og Fjordane. Her saman med Marie Heieren (hovudtillitsvald i banken), Roy Stian Farsund (banksjef bedriftsmarknad Sunnfjord) og Trond Teigene (administrerande direktør).

6. desember 2019- Kristian Helle

– Dette er veldig kjekt! Og veldig overraskande! seier Arve Sandal, Sogn og Fjordane Røde Kors sin nestleiar.

I staden for å gje julegåve til dei tilsette i banken og til banken sine bedriftskundar, vert det i år gitt 100 000 kroner til Sogn og Fjordane Røde Kors frå Sparebanken Sogn og Fjordane.

– Vi diskuterte tidlegare i haust om kven som burde få årets gåve, og då var Sogn og Fjordane Røde Kors det første som kom opp. Det var mykje med bakgrunn i hendingane i Jølster og Dalsfjorden i sommar, som kom tett på mange av oss, seier Marie Heieren, hovudtillitsvald i Sparebanken Sogn og Fjordane.

2300 frivillige i fylket

Ein svært takknemleg Arve Sandal tok imot det synlege beviset då han og Henning Hellebust frå Sogn og Fjordane Røde Kors var på frukostmøte i banken i Førde torsdag. Der var også over 100 andre representantar frå næringslivet.

– 100 000 kroner er mykje og veldig kjærkome for oss som driv eit stort apparat i heile fylket. Vi er avhengige av at folk støttar oss, slik at vi kan gjere den jobben vi har teke på oss med å hjelpe folk som treng ekstra støtte, seier Sandal.

Han fortel vidare at Røde Kors i Sogn og Fjordane har 5600 medlemmer, og dei har også 2300 frivillige.

– Alt arbeid vi gjer er gratisarbeid. Og for å kunne gjere ein skikkeleg jobb krevst det at vi har høg kompetanse. Vi driv mykje med kursing, og alle i hjelpekorpset vårt som skal ut i felten må gjennom sertifisering. Dei må gjennom 70-100 timar med kursing, og vi har 460 godkjende hjelpekorpsarar i fylket, seier Sandal.

Mange gode tiltak

Som Heieren i banken nemner var bakgrunnen for denne gåva mykje med tanke på dei tragiske hendingane i Jølster og Dalsfjorden. Sandal i Røde Kors seier at det er heilt naturleg for dei å vere aktivt på bana når slike dramatiske og tragiske hendingar skjer.

– Men i tillegg driv vi også med mykje anna, seier Sandal og held fram:

– Den største aktiviteten vår er omsorg for dei eldre, å gjere livet kjekkare for dei som er på institusjon og dei som er åleine. Folk stiller opp og er turvener og samtalepartnarar. Vi driv også med inkludering av innvandrar og har eit stort arrangement som heiter «Til topps». Der får dei oppleve den store turkulturen vi har i Norge. Vi har også rehabiliteringssenteret på Haugland, som er ein del av helsetilbodet vårt. Der har vi også leiren «Ferie for alle» om sommaren, som er for familiar som ikkje har råd til ferie for ungane sine, seier Røde Kors-nestleiaren.

I tillegg deler dei også ut julegåver til dei som ikkje har så god råd til å få ei bra jul.

Alt det Sogn og Fjordane Røde Kors gjer er noko som imponerer banken, seier Marie Heieren.

– På vegne av alle tilsette i banken, og bedriftskundane våre, vil eg takke Sogn og Fjordane Røde Kors for den viktige innsatsen dei gjer, seier Heieren.

100 000 til tre store idrettsarrangement

På det same frukostmøte som Røde Kors fekk si gåve, vart det også delt ut pengegåver til tre store idrettsarrangement som vert arrangert i nye Sunnfjord kommune i 2020.

Dette var til Norgescup i langrenn på Langeland, NM i maraton i Jølster og NM i motbakkeløp i Førde. Førstnemnde vert arrangert 14.-16.-februar, maraton-NM 4. juli, medan NM i motbakkeløp er 29. august neste år.

Alle desse fekk kvar si gåve på 100 000 kroner.

KLARE FOR 2020: Frå venstre: Bjørn Kristian Sunde (Norgescup Langeland), Paula Lesto (maraton-NM Jølster) og Bjørn Kjønås (NM motbakkeløp Førde).