100 000 kroner til skikrinsen: – Vi ønskjer mange leikande barn på ski

GÅVE TIL SKIKRINSEN: Ingrid Narum (t.h.) er administrasjonssjef i Sogn og Fjordane Skikrins, som er tildelt 100 000 kroner. Her saman med Elin Aaland, banksjef på privatmarknaden i Førde.

27. november 2019 – Kristian Helle

Sogn og Fjordane Skikrins er tildelt 100 000 kroner. Desse pengane skal bidra til endå større skileik blant barn i fylket.

– Skikrinsen er veldig glade for å få tildelt denne gåva, og den vil vere til stor glede for skiaktivitet rundt om i idrettslag, seier Ingrid Narum, administrasjonssjef i Sogn og Fjordane Skikrins.

Gåva på 100 000 kroner kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane, som Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane forvaltar.

Skal legge til rette for variert skiaktivitet

Pengane går til prosjektet «Utstyrspakke skileik», og skigrupper i Sogn og Fjordane kan søke om ein slik utstyrspakke. Den inneheld portar, bogeportar, børstar, beachflagg og terningar.

– Vi ønskjer mange leikande barn i alle våre skigreiner, der barn sitt møte med skiidretten blir prega av leik og glede. For å lukkast må vi støtte opp om at skigruppene legg til rette for variert, allsidig og spennande skiaktivitet for barn, seier Narum.

– I tillegg kan utstyret også brukast til å skape spennande arrangement.

Banksjefen: – Mange vil få stor glede av dette

Elin Aaland, banksjef for privatmarknaden i Førde, var tysdag innom skikrinsen sitt kontor i Førde og såg på utstyret som snart skal fordelast ut til skigrupper i fylket.

– Dette er det garantert mange som får stor glede av, seier Aaland og held fram:

– For oss i banken er det ekstra kjekt å gi bidrag til noko som kjem til god nytte for barn og unge. Dette vil forhåpentlegvis skape endå større aktivitet og skiglede i heile Sogn og Fjordane, og det er veldig positivt, seier banksjefen.

Dette synet deler også Narum i skikrinsen.

– Skikrinsen ønskjer at så mange skigrupper som mogleg har denne type utstyr i sin aktivitet. Utstyret egnar seg godt til å lage gode aktivitetsløyper som triggar basisferdigheiter på ski og som skapar lærerike situasjonar og motiverer til aktivitet, seier ho.

Narum seier også at skigruppene i tillegg til utstyrspakken vil få tilbod om eit besøk frå skikrinsen, der ein vil få gode aktivitetstips i bruk av utstyret.

Sjå meir under bildet.

PÅ KONTORET: Snart skal dette finne vegen ut frå skikrinsen sitt kontor til Førde og til skiløyper i fylket.

Gåva til skikrinsen er ikkje den einaste nyheita innanfor skiidretten den siste tida. Vi har nemleg forlenga samarbeidsavtalen vår med Førde IL langrenn.

Vi har vore hovudsponsor for langrennsgruppa i Førde i ei årrekkje, og vi ser fram til tre nye år saman!

NY AVTALE: Frå nyttårsskifte trer den nye treårsavtalen med Førde IL langrenn i kraft. Frå venstre: Geir Vindheim (Sparebanken Sogn og Fjordane), Arne Helgheim (Førde IL langrenn) og Elin Aaland (Sparebanken Sogn og Fjordane).