Gler seg til vidare samarbeid med Dale IL Fotball

GODT SAMARBEID: Sparebanken Sogn og Fjordane er Dale IL Fotball sin hovudsponsor. Her er Torunn Mattson, banksjef på privatmarknaden i Dale, saman med Kim Frode Solheim  i Dale IL Fotball.

22. november 2019 – Kristian Helle

Årets fotballsesong har vore starten på vidareføringa av mange god samarbeid. Mellom anna med Dale IL Fotball, som i denne saka fortel litt om kva dei har gjort saman med sine aller yngste spelarar i år.

– Det er veldig kjekt for oss som bank å bidra til fysisk aktivitet for barn og unge, seier Torunn Mattson, banksjef for privatmarknaden i Fjaler.

Mattson fortel at banken i år har forlenga hovudsponsoravtalen med Dale med tre nye år.

– På denne måten er vi med og bidrar til at Fjaler kommune blir ein attraktiv kommune å busetje seg i, og det er veldig kjekt. Det å ha eit godt tilbod for fysisk aktivitet saman med mellom anna attraktive arbeidsplassar, er med og bidrar til at ungdommen ønskjer å busetje seg her, seier Mattson.

Arrangert mange turneringar

Kim Frode Solheim er marknadsansvarleg i Dale IL Fotball, og han seier klubben er takknemlege for å ha med seg Sparebanken Sogn og Fjordane vidare som hovudsponsor.

– Bidraget er heilt nødvendig for det breiddetilbodet som vi gjev, og det er med på å halde treningsavgifter og deltakaravgifter på eit nivå som gjer at det økonomiske aspektet for å delta skal vere så lite som mogleg. Dette viser att i tal aktive i klubben, seier Solheim.

Saman med dei andre i fotballgruppa i Dale har dei akkurat lagt bak seg årets sesong.

– Vi har arrangert mange turneringar i eige regi, i tillegg til at vi har delteke på andre turneringar. Vi hadde blant anna fire cupar innandørs for aldersgruppa 5-9 år. Tal spelarar som var innom der i 2018/2019 var rundt 200 på dei fire turneringane, men med foreldre og vaksne var det truleg opp mot 1000 personar innom hallen på nokre av desse dagane, seier Solheim.

Den store aktiviteten i hallen er noko banksjef Mattson også har lagt merke til.

– Eg vil gjerne rose dei mange eldsjelene som kvar dag legg ned ein kjempeinnsats for å få dette til, seier ho.

Stor aktivitet

I tillegg til dei nemnde innandørsturneringane, har det sjølvsagt også vore stor aktivitet utandørs gjennom 2019-sesongen. Mellom anna var det rundt 500 spelarar på Dingemoen då Dale arrangeret Kongleriket Miniputturnering.

– Veke ut og veke inn er det i snitt to treningar per lag, der det toppar seg på måndagar og torsdagar kl 17.30-18.30 med oppunder 100 aktive barn og trenarar for miniputtane, seier Solheim.