Vi er ny generalsponsor for Malakoff!

GENERALSPONSOR: Sparebanken Sogn og Fjordane er Malakoff sin nye generalsponsor. F.v.: Odd Kjetil Tonning (banksjef privatmarknad Nordfjord), Reiel Haugland (direktør for teknologi og innovasjon i banken), Arnt-Ivar Naustdal (festivalsjef Malakoff), Gunn Aase Moldestad (marknadssjef i banken), Gunn Guddal (administrasjonssjef Malakoff) og Ann-Serine Hagen (kontorleiar banken sitt kontor på Nordfjordeid).

20. november 2019 – Kristian Helle

– Malakoff er særs glade for å ha inngått generalsponsoravtale med Sparebanken Sogn og Fjordane for dei tre kommande åra.

Det seier Arnt-Ivar Naustdal. Han er festivalsjef for Malakoff Rockfestival, festivalen på Nordfjordeid som no altså får Sparebanken Sogn og Fjordane med seg som  generalsponsor.

– Sparebanken Sogn og Fjordane har same kjerneverdiar som Malakoff, og er ein lokalbank som satsar tungt i vår region. Dei har også samsvarande tankar om korleis vi skal utvikle oss mot ei berekraftig framtid, seier Naustdal.

#denbestefestivaloppelevinga skal bli endå betre

Malakoff såg dagens lys i 2003, og vaks seg raskt til å bli ein svært så populær festival. Dei siste fem åra har festivalen vore utseld, og i år var det 30 000 besøkande i alle aldrar.

16.-18. juli er datoane for 2020-festivalen – med Sparebanken Sogn og Fjordane på laget.

– Denne avtalen gir Malakoff ei ekstra moglegheit til å realisere nye viktige prosjekt innanfor kunstarisk kvalitet, miljø og tryggleik. Rett og slett gjere den #bestefestivalopplevinga endå betre, seier Naustdal fornøgd.

Han held fram:

– Å arrangere festival medfører ein relativt stor risiko med tanke på variasjon i inntekter grunna vêr og vind. Denne risikoen vert no redusert, og vi kan konsentrere oss om å arrangere Norges finaste festivalar.

God stemning i banken

Også i banken er dei svært glade for at denne sponsoravtalen no er i boks.

– Banken var sponsor for Malakoff heilt i startfasen, og festivalen har sidan den gong vakse seg til å bli ein av dei største i landet. Det er veldig kjekt for oss at vi får moglegheita til å vere med å utvikle den vidare dei neste åra. Banken satsar i Nordfjord, og denne avtalen er definitivt med å synleggjere dette, seier Ann-Serine Hagen, kontorleiar på Nordfjordeid.

Ho får støtte av Gunn Aase Moldestad, banken sin marknadssjef. Ho viser til at Malakoff er ein del av miljøprosjektet «Grøn Festival», og at det gjennom samarbeidet mellom festivalen og banken vil vere ei rekkje tiltak det skal arbeidast med. Dette er for eksempel haldningsskapande kampanje mot publikum, miljøstasjonar for gjenbruk og tryggleikstiltak.

– Vi har i banken etablert eit festivalteam som skal arbeide tett med både Malakoff og festivalen Utkant, som vi også er generalsponsor for. Dette er noko vi har veldig tru på, og vi ser veldig fram mot dei kommande åra, seier Moldestad.

Desse tankane deler også festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

– Sparebanken Sogn og Fjordane vil tilføre Malakoff nye og spennande tankar og kompetanse som vil ruste oss mot dei framtidige utfordringane som vi meiner vil kunne møte oss. Dette gir oss eit konkurransefortrinn, og vi trur at dette vil kunne resultere i nye konsept og at Malakoff vil kunne vere ei ledestjerne innanfor festivalfeltet i framtida også, seier Naustdal.