Tre nye år som generalsponsor for Kaupanger IL

NY AVTALE: Laila Ruud, Sparebanken Sogn og Fjordane sin banksjef for privatmarknaden i Sogndal, saman med Kaupanger IL sin leiar, Bjarte Ramstad.

11. november 2019 – Kristian Helle

Sparebanken Sogn og Fjordane held fram som generalsponsor for Kaupanger IL. Den nye avtalen gjeld ut 2022.

– For Kaupanger er det veldig viktig å ha samarbeidspartar som føl klubben over tid. Dette gjev ikkje berre økonomisk tryggleik, men betyr også at ein kan gjere kvarandre gode på ulike område gjennom den kompetansen ein til saman sit inne med.

Det seier Bjarte Ramstad, Kaupanger IL sin leiar, om den nye avtalen.

– For KIL gjeld dette sjølvsagt innanfor dette med økonomi og finans, men også forsikring og anna rådgjeving er viktig for klubben. Vi føler også at vi gjennom vår rolle i samfunnet på Kaupanger kan hjelpe banken med å nå sine mål, held Ramstad fram.

Like verdisyn

Laila Ruud, Sparebanken Sogn og Fjordane sin banksjef for privatmarknaden i Sogndal, seier at det er kjekt for banken å halde fram samarbeidet med Kaupanger.

– Kaupanger har eit svært godt styre som jobbar mot gode verdigrunnlag som er «kompetent», «inkluderande» og «lagspelar». Dette er verdigrunnlag som er heilt i tråd med banken sine verdiar «nær», «dyktig» og «engasjert». Kaupanger IL er aktive med å bidra til trivsel og samhold i miljøet, og er ein viktig samfunnsaktør i Kaupanger, seier Ruud.

Ho legg også til at KIL har status som kvalitetsklubb hos Norges Fotballforbund, og at dei har som hovudmål å vere det leiande fotballaget på damesida i Sogn og Fjordane.

Inkluderande klubb

Når det gjeld det siste, er Kaupanger definitivt fotballflaggskipet i fylket på damesida.

– Vi ønskjer å vere kompetente, både i høve det reint sportslege og i det samfunnsmessige. Vi ønskjer også å inkludere alle i våre aktivitetar, og vi ønskjer å vere ein lagspelar i form av å vere ein som både spelar på bygda sitt lag og på samarbeidspartane sitt lag – i tillegg til våre eigne lag, seier KIL-leiar Ramstad.

Dessverre vart det i år nedrykk frå 1. divisjon for damelaget, men dei kjem nok garantert tilbake! Vi ser fram til tre nye år saman med Kaupanger!

NB: For to veker sidan fekk Kaupanger ei gåve på 500 000 kroner frå oss, via vår hovudeigar Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Desse pengane skal til miljøtiltak i tilknyting til kunsgrasbana deira. Sjå Facebook-post for meir.