Milliongåve til Sitep

STOR GÅVE: Sitep i Årdal  har fått ei gåve på éin million kroner. Frå venstre: Jan Petter Vadheim (banksjef bedriftsmarknaden i Indre Sogn), Frank Øvstetun (dagleg leiar Sitep) og Anita Hagen Lægreid (kunderådgjevar bedriftsmarknad Årdal)

8. november 2019 – Kristian Helle

– Gjennom ny teknologi skal Sitep skape og bidra til nye teknologi- og innovasjonsprosjekt i næringslivet, seier Jan Petter Vadheim.

Han er Sparebanken Sogn og Fjordane sin banksjef på bedriftsmarknaden i Indre Sogn, og saman med kunderådgjevar på bedriftsmarknanden i Årdal, Anita Hagen Lægreid, tok dei turen til Sitep for å gje dei det glade bodskap.

– Kva skal ein seie? Det er ei vanvittig flott gåve. Dette er kjempebra! Med den million vi fekk i dag, er vi praktisk talt fullfinansiert, seier Frank Øvstetun, dagleg leiar i Sitep, til Porten.no.

Jan Petter Vadheim i banken synast det er kjekt å kunne støtte øvingsfabrikken i Årdal.

– Sitep  skal vere bindeledd mellom næringsliv, fagmiljø, utdanning og forsking. Meir enn 50% av kapitalen i selskapet kjem frå næringslivet. Sitep  skal bidra til auka kompetanse om teknologi og skape ein arena for å teste og trene på ny teknologi, seier banksjefen.

Han held fram:

– Sitep har difor investert i ein øvingsfabrikk med industri 4.0-teknologi som elevar, studentar og næringslivet nyttar. Gjennom ny teknologi skal Sitep skape og bidra til nye teknologi- og innovasjonsprosjekt i næringslivet, seier han.

I tillegg til Porten har også Sogn Avis laga sak på dette. Er det abonnent hos dei, kan du lese den saka her.