Håvard (21) overraska med Furorestipendet

OVERRASKA: Banksjef i Førde, Elin Aaland, troppa opp i Kråkenesmarka og gav Håvard Hallerud det synlege beviset.

21. oktober 2019 – Kristian Helle

Under NMK Sunnfjord si årlege sesongavslutning vart Håvard Hallerud (21) overraska med Furorestipendet på 50 000 kroner.

I helga var det den årlege sesongavslutninga til NMK (Norsk Motor Klubb) Sunnfjord, og der heldt Håvard Hallerud ein presentasjon der han fortalde dei frammøtte om si utvikling fram til der han er i dag.

Og utviklinga har vore formidabel! Før årets sesong tok han steget frå gokart til Formel 4, og var med det den første føraren frå Sogn og Fjordane nokon gong til å konkurrere i ein formelbil. Debutsesongen har vore svært imponerande, med siger i sesongfinalen i Sverige, i tillegg til at han vart kåra til årets nykommar i Formula Nordic.

Audmjuk  og glad vinnar

Mellom anna på bakgrunn av dette er Håvard Hallerud tildelt Furorestipendet på 50 000 kroner. Dette stipendet får han frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå Sparebanken Sogn og Fjordane sitt overskot.

Banksjef for privatmarkanden i Førde, Elin Aaland, dukka overraskande opp på den nemnde sesongavslutninga i Kråkenesmarka i Førde med det glade bodskap.

Racerføraren vart sjølvsagt veldig glad for tildelinga, og han fortalde banksjefen og dei andre frammøtte audmjukt at dette stipendet kjem veldig godt med. Hallerud driv med ein sport som kostar mykje, både i innsats og kroner, og foreldra er viktige «sponsorar» når det gjeld begge deler.

(saka held fram under)

STIPEND: Racerførar Håvard Hallerud er tildelt Furorestipendet.

Den lovande føraren imponerte som nemnd i årets debutsesong som Formel 4-førar, noko som har gjort Hallerud endå meir motivert. Han seier at målet for neste sesong er å vinne heile serien, og at det endelege målet med karriera er å ta steget opp i ein formel eller GT-bil.

Juryen si grunngjeving:

Håvard Hallerud frå Førde kan allereie reknast som litt av ein veteran i motorsport, til tross for at han kun er 21 år. Han har konkurrert sidan han var ni år, og i dei siste ti av desse åra har det blitt pallplasseringar nær sagt uansett kva klasse han stiller opp i. Juryen er svært imponert av både resultata og ikkje minst den mangeårige seriøse satsinga innan ein så ressurskrevjande idrett, som heller ikkje kan tilby den same backinga frå klubb og forbund som mange andre idrettar.

Furorestipendet løyser nok ikkje alle utfordringane knytt til kostnadar, men juryen håper det er til litt hjelp på vegen mot å oppfylle draumen om å sitte bak rattet på ein formel- eller GT-bil. Juryen gratulerer og ønskjer lukke til vidare!

Stipendet til Hallerud er den sjuande tildelinga av Furorestipendet på kort tid.

Les om dei andre her: 

Juryen for furorestipendet har bestått av:

Stig Roger Eide (tidl. journalist, Firda),

Trude Skarvatun (rektor, Førde kulturskule),

Torill Faleide (kommunikasjonssjef, Førdefestivalen)

Terje Lyngstad (tidl. teatersjef, Sogn og Fjordane Teater & Hordaland teater)

og Pål Fidjestøl (kultursjef, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane)

Furorestipendet

Furorestipendet er Sparebanken Sogn og Fjordane sitt personlege stipend til framifrå ungdom (15-30 år) i kategoriane kultur, idrett og «open klasse». Midlane kjem frå overskotet til banken som Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane forvaltar.

Søknadsfrist

Furorestipendet har søknadsfrist 15. juni kvart år. Eige søknadsskjema for Furorestipendet vert lagt ut på www.sparebankstiftinga.no ein månad før søknadsfristen.