Furorestipend til Vilde (24): – Eg er uendeleg takksam!

GODE DAGAR: Vilde Torheim Skjerdal er tildelt Furorestipendet på 50 000 kroner, og straks slepp ho ein heilt ny musikkvideo.

15. oktober 2019 – Kristian Helle

– Dette stipendet kunne verkeleg ikkje ha kome på eit betre tidspunkt! strålar lukkeleg mottakar av Furorestipendet.

Den 24 år gamle jazzmusikaren frå Aurland, Vilde Torheim Skjerdal, er tildelt Furorestipendet på 50 000 kroner. Dette stipendet får ho frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå Sparebanken Sogn og Fjordane sitt overskot.

– Eg er uendeleg takksam og overvelda! Då eg vart oppringt sat eg med fotografen min, Simen Løvgren, og diskuterte kva utgiftspostar som måtte kuttast for at haustens planar skulle kunne gjennomførast, så dette kunne verkeleg ikkje ha kome på eit betre tidspunkt! seier Skjerdal.

Slepp musikkvideo neste veke

Den lukkelege Furorestipend-vinnaren har MayRahKee som artistnamn,  og neste veke lanserer ho ein heilt ny musikkvideo.

– Vi har nettopp fullført filminga av dei siste scenene til musikkvideoen Metanoia, som blir publisert no i oktober. Dette blir det første fullstendige audiovisuelle produktet eg slepp som MayRahKee, så denne musikkvideoen er veldig viktig for meg, forklarer 24-åringen.

Samstundes som at MayRahKee er i innspurten med musikkvideoen, jobbar ho også med singelen YKA. Den kjem 1. november,  som er singel nummer to etter låta Contradictions. Den kom i august.

Hennar første album, To The Core, gav ho ut i februar, og fekk svært gode meldingar.

– I 2020 har eg planar om å spele inn mitt andre album, som vil bestå av dei to nemnde låtane, og i tillegg materiale som er skrive under utvekslingsopphaldet mitt her ved Rytmisk Musikkonservatorium, seier Skjerdal.

Ambisjonar

Som ho nemnder bur Skjerdal for tida i København, der ho som ein av fem utvekslingsstudentar på verdsbasis er på utveksling ved Rytmisk Musikkonservatorium. 24-åringen er på utveksling frå Universitetet i Agder, der ho tek ein mastergrad i utøvande musikk.

Aurlendingen seier vidare at målet etter ferdig mastergrad våren 2020 vert å etablere seg som artist og låtskrivar i Norge, men også med internasjonale dimensjonar.

– Etter eit par år som utøvande musikar, vil svært gjerne også at doktorgrad i rytmisk musikk ved Universitetet i Agder, seier ho.

Skjerdal har tidlegare vunne «Drømmestipendet», i tillegg fått fleire andre utmerkingar og spelt på ulike festivalar og konsertar. Med Furorestipendet seier juryen at dei er imponert over det Vilde Torheim Skjerdal allereie har fått til som artist, og dei har stor tru på at jazzmusikaren frå Aurland vil utvikle og etablere seg endå meir i tida framover.

Stipendet til Skjerdal er den sjette tildelinga av Furorestipendet på kort tid.

Les om dei andre her:

Juryen for furorestipendet har bestått av:

Stig Roger Eide (tidl. journalist i Firda),

Trude Skarvatun (Førde kulturskule),

Terje Lyngstad (tidl. teatersjef, Sogn og Fjordane Teater & Hordaland teater)

og Pål Fidjestøl (Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane)

Furorestipendet

Furorestipendet er Sparebanken Sogn og Fjordane sitt personlege stipend til framifrå ungdom (15-30 år) i kategoriane kultur, idrett og «open klasse». Midlane kjem frå overskotet til banken som Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane forvaltar.

Søknadsfrist

Furorestipendet har søknadsfrist 15. juni kvart år. Eige søknadsskjema for Furorestipendet vert lagt ut på www.sparebankstiftinga.no ein månad før søknadsfristen.